Tur 8 i Ti turar i Time - Hovedportal

Tur 8 i Ti turar i Time

Tur 8 er ein aldri så liten reprise av fjorårets mest spektakulære nykommar: Skårlandskula, med fantastisk utsikt frå over 400 meters høgde. Turen tar deg òg innom den gamle husmannsplassen Lauvlia.

Ti turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad Jan Oskar Haugen

Snorestad – Skårlandskula – Lauvlia – Snorestad

Fottur, 7,76 km, rundløype, middels
Total stigning 350 m

Tilkomst

Ti turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad, startskilt - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad, startskilt Jan Oskar Haugen

Parkeringsplassen finn du når du køyrer frå Undheim, forbi Knudaheio, og tar av frå Sikvalandsvegen ved skiltet mot Snorestad og Skårlandskula. Følg vegen inn og parker, men berre på oppmerka parkeringsplasser. Vante turgåarar vil kanskje hugse at p-plassen er liten, men etter ei oppgradering i 2023 har han nå plass til om lag 20 bilar.

Skiltet med QR-koden for nedlasting av løypa står ved porten om lag 20 meter frå p-plassen.

Viktig informasjon om husdyr

Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.

Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.

Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.

Turinformasjon

Vår tur går i utgangspunktet frå parkeringsplassen over utmark og så bak hytta som ligg ved vatnet, før løypa går vidare på traktorveg og i retning Lauvlia. Når du passerer gjerdet som går i nordkant av Snorestadtjørnane tek løypa mot Skårlandskula til høgre. Herifrå og til toppen stig terrenget med nesten 200 høgdemeter, og løypa er godt merka. 

Ti turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad, målskilt - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 8, Snorestad - Skårlandskula - Lauvlia - Snorestad, målskilt Jan Oskar Haugen

QR-koden for registrering av turen finn du på stolpen på toppen, på 401 meters høgde, med storslått utsikt.

Frå toppen går godt merka løype bratt nedover før ho etter kvart møter den same traktorvegen som du gjekk på tidlegare. Når du møter denne vegen kan du ta til venstre og koma ned igjen til parkeringsplassen, men me vil anbefala å ta avstikkaren til husmannsplassen Lauvlia, der står det ein svart Stolpejakt-stolpe!

Det er greitt å veta at strekninga Snorestad – Lauvlia går på grov traktorveg og er relativt kurant å gå. Strekninga Snorestad – Skårlandskula er noko meir utfordrande, særleg ved større nedbørsmengder som gjev fuktige myrparti og høgre vannstand i bekkar som må kryssast. Stykket mellom parkeringsplassen og toppen av Skårlandskula er likevel ein kurant tur som bør vera overkommeleg for dei fleste. 

Men! Strekninga mellom Skårlandskula og Lauvlia har til dels bratte og luftige parti som gjev både god utsikt og sug i magen. For dei som ikkje er heilt komfortable med høgder kan det vera tryggare å gå opp ifrå Lauvlia, det er nok mindre nifst å gå opp enn ned.

Strekninga mellom Skårlandskula mot Lauvlia bør ikkje gåast når det er snø og is på fjella. Det tryggeste alternativet er då å gå Snorestad – Skårlandskula og så same vegen ned.

Me håper du får ein fin topptur!

Stolpejakten

I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.

På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Grinda der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), gjerdeklyvaren på veg mot toppen av Skårlandskula, stolpen som markerer toppen av fjellet, ein stolpe på tunet i Lauvlia, og ein liten stolpe som er slått ned i bakken rett etter at du har passert ei lita betongbru på veg tilbake mellom Lauvlia og Snorestad.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00