Ti turar i Time 2026: Tur 5, Melsvatnet - Lyngalandsvegen - Hadland - Melsvatnet
Jan Oskar Haugen
Melsvatnet – Lyngalandsvegen – Hadland – Melsvatnet
Fottur, 7,92 km, rundløype, enkel
Total stigning 193 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 5, Melsvatnet - Lyngalandsvegen - Hadland - Melsvatnet, startskilt
Jan Oskar Haugen
Turen startar frå den austlegaste parkeringsplassen ved Melsvatnet, altså den som ligg nærmast Ålgård.
Skiltet med QR-koden for å lasta ned løypa er plassert på oppslagstavla på parkeringsplassen, i nærleiken av der du køyrer inn.
Viktig informasjon om husdyr
Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.
Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.
Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.
Turinformasjon
Turen startar frå oppslagstavla på parkeringsplassen, går mot aust over trebrua og fram til stikryss og skilt mot Brunshammaren/Lyngalandsvegen/Hadland. Følg raudmerka sti opp på fyrste høgdekolle og vidare på nymerka sti til du kryssar Ålgårdsvegen, fv. 506.
NB! Når du har passert metallporten mellom dei 2 bautasteinane er du på privat område der bonden har sauer på beite. Ver vennleg å respektera bandtvangen.
Frå porten går du vidare på godt merka sti gjennom småskog, langs ytterkanten av beiteområdet. Kryss bekken på den nye brua og følg stien vidare til du går inn i idyllisk småskog og endar ut på grusveg som fører deg fram til Lyngalandsvegen. Følg den asfalterte vegen i om lag 600 meter til skiltet med Hadland, og merkepinnane vidare gjennom det vakre Lyngaland landskapsvernområde fram til den nye gjerdeklyvaren ved grensa mot beiteområdet.
Ti turar i Time 2026: Tur 5, Melsvatnet - Lyngalandsvegen - Hadland - Melsvatnet, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen finn du på denne gjerdeklyvaren.
Litt info om Lyngaland landskapsvernområde:
“Vart verna 27. mai 1983, og dekker rundt 376 dekar. Hensikta med vernet er å bevara kulturlandskapet rundt jernaldergården Lyngaland, eit unikt kulturmiljø som stammar frå folkevandringstida (ca. 350-550 e.Kr.). Dette er eit av dei best bevarte historiske jordbrukslandskapa på Jæren, med synlege tuftestrukturar, gamle steingardar, kulturbeite og omkringliggande rydningsrøyser. Området viser eit heilskapleg bilete av busetting og jordbruk slik det vart praktisert for rundt 1500 år sidan.”
Følg informasjonen som står på skiltet ved den nye gjerdeklyvaren når du går frå landskapsvernområdet og inn på beiteområdet med husdyr. Traktorvegen vidare fører fram til den siste og bratte gjerdeklyvaren i kanten av Hadlandsvegen. Nokre skritt forbi denne ser du både “Lindas vingård” og skiltet “Hadland Økologiske Gard”. Sjølv om du neppe får kjøpt vin på Lindas vingård, kan du likevel nyta sjøutsikten frå området.
Følg den asfalterte Hadlandsvegen 1,2 km vidare, og ta av mot Melsvatnet ved turskiltet i krysset inn på traktorvegen. Herifrå er det 1,3 km fram til Melsvatnet. Du følger fin traktorvei i 1 km og går deretter 300 meter på venstre side langs fv. 506, Ålgårdsvegen, fram til Melsvatnet. Løypa går vidare på grusvegen langs vest- og nordsida av vatnet før du er tilbake der du parkerte.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: På den nye trebrua som krysser bekken om lag 250 meter etter at du har kryssa Ålgårdsvegen, på eit skilt like før du kjem til Lyngaland landskapsvernområde, på gjerdeklyvaren ved Hadland, i krysset der du svinger av frå Hadlandsvegen på veg tilbake mot Melsvatnet, og ved «rasteplassen» på bakketoppen på nordsida av Melsvatnet.