Ti turar i Time 2026: Tur 4, Lyefjell - Stabbanuten - Prekestolen - Åsen - Lyefjell
Jan Oskar Haugen
Lyefjell – Stabbanuten – Prekestolen – Åsen – Lyefjell
Fottur, 6,77 km, rundløype, middels
Total stigning 215 m
Tilkomst
Ti turar i Time 2026: Tur 4, Lyefjell - Stabbanuten - Prekestolen - Åsen - Lyefjell, startskilt
Jan Oskar Haugen
Parkering og turstart frå parkeringsplassen ved Monsanut barnehage på Lyefjell.
Skiltet med QR-koden for nedlasting av løypa er plassert på oppslagstavla i øvre enden av parkeringsplassen.
Viktig informasjon om husdyr
Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.
Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.
Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.
Turinformasjon
Turen startar ved oppslagstavla på parkeringsplassen og går via høgdebassenget, langs Tjoratjørna og deretter til venstre i stikrysset. Følg den dårlege stien fram til den nye gjerdeklyvaren som står over steingarden i kanten på lerkeskogen. Etter det følger du stien over nok ein ny gjerdeklyvar som fører deg inn på privat beiteområde. Gå nokre meter vidare, hald til venstre og gå fram til utsiktspunktet Stabbanuten der du har flott utsikt over store delar av Jæren.
Frå hovudstien tek du av til høgre på umerka og lite brukt sti som passerer like ved mobilmasta – som òg er synleg frå Stabbanuten, så lenge det ikkje er tåke. Herifrå fortset du i retning av Ulvatjørna. Følg traktorvegen til enden, ta deretter av til venstre på sti, og gå vidare fram til fjellformasjonen Prekestolen. Det er flott utsikt frå Prekestolen, men ver svært forsiktig viss du våger deg opp – sjølv om Time kommune sin prekestol ikkje er fullt så stor som sin meir kjente fetter ved Lysefjorden er det mange meter fritt fall ned frå kanten, så pass på!
Ti turar i Time 2026: Tur 4, Lyefjell - Stabbanuten - Prekestolen - Åsen - Lyefjell, målskilt
Jan Oskar Haugen
QR-koden for registrering av turen finn du på ein stolpe like ved Prekestolen.
Turen fortset tilbake over gjerdeklyvar og vidare ned mot nordenden av Ulvatjørna, der du passerer dei to siste gjerdeklyvarane på turen. Følg stien i enden av Ulvatjørna fram til grusvegen som leier fram til metallporten mellom to bautasteinar. Du kryssar Joglamyr på fin plankebru og følger traktorvegen vidare ned gjennom skogen til den gamle prestvegen mellom Time og Gjesdal. Har du lyst på et bad kan du gå nokre få meter tilbake på prestvegen og ta av mot Åsvatnet, der det ligg ein flott badeplass.
Litt informasjon om den gamle prestvegen:
«Den gamle prestvegen mellom Time og Gjesdal er ein av dei eldste ferdselsårene på Jæren. Vegen vart brukt i fleire hundre år av presten som rei mellom Lye prestegard og Gjesdal kyrkje, ettersom Gjesdal var anneks under Lye prestegjeld heilt fram til 1927. Prestvegen gjekk som ein smal rideveg over åsane mellom bygdene og var den viktigaste forbindelsen mellom kyrkje, prest og sokn.
I 1837 vart traseen utbetra til køyreveg, og i 1875 vart han forbetra på nytt for å gjera forbindelsen meir framkomeleg. I dag er delar av den gamle vegen bevart som tursti.»
Siste del av turen følger denne gamle prestvegen forbi garden i Åsen og vidare opp mot vindmøllene. Her tek du av frå prestvegen og følger grusvegen tilbake i retning Monsanut der turen starta.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Oppslagstavla på parkeringsplassen der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), Stabbanuten, stolpen ved Prekestolen der QR-koden for registrering av turen er festa, informasjonstavla på parkeringsplassen ved Åsvatnet, og utsiktspunktet ved vindmøllene på Åsen.