Tur 3 i Ti turar i Time - Hovedportal

Tur 3 i Ti turar i Time

Tur 3 er heilt ny og går i grenseområdet mellom Time, Gjesdal og Sandnes kommunar, med utgangspunkt ved det populære Fjermestadvatnet. Eller var det Øygardsvatnet?

Ti turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen Jan Oskar Haugen

Fjermestadvatnet – Rossåsen

Fottur, 6,41 km, delvis rundløype, middels
Total stigning 328 m

Tilkomst

Ti turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen, startskilt - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen, startskilt Jan Oskar Haugen

Parkering og turstart frå den nye grusplassen ved Øygardsvatnet/Fjermestadvatnet. Innkøyrsel til parkeringsplassen finn du når du svinger av frå fv. 213, mellom Skrebergvegen og vegen inn til Eikalandsmyrane.

Dette vatnet er altså delt mellom Time og Gjesdal kommunar, og som nabokommunar flest er det ikkje alle ting desse to er einige om. For eksempel kva vatnet faktisk heiter. Spør du ein timebu vil du mest sannsynleg få beskjed om at dette sjølvsagt er Fjermestadvatnet, men på Gjesdal-sida står dei fast på at dette er Øygardsvatnet (eller Yggaren på folkemunne).

Uansett: Skiltet med QR-koden for nedlasting av løypa er plassert på ein stolpe i kanten på parkeringsplassen.

Viktig informasjon om husdyr

Hugs at du er her som gjest. Det er beitedyr i området du går gjennom, og me ber turgåarar om å visa ekstra omsyn. Følg råda på dei oppsette skilta. Lukk alle grinder du passerer.

Hundar kan utløysa farlege situasjonar, sjølv når dei er i band. Ku med kalv oppfattar ofte hundar som ein trugsel. Hald hunden tett inntil deg, og ver særleg merksam viss du møter kyr. Møter du beitedyr, hald god avstand og gå roleg forbi – eller i ein boge rundt viss dyra står nær stien. Ikkje mat dyra.

Takk for at du viser omtanke og bidreg til trygg ferdsel for alle.

Turinformasjon

Fyrste delen av løypa følger blå merkepinnar og går på idyllisk og fint opparbeida sti rundt odden Refnes. Her har Ålgård Turstilag lagt ned mange dugnadstimar for turgåarar både i Gjesdal og Time kommunar. Når du har lagt bak deg odden passerer du den fyrste gjerdeklyveran som fører deg inn på eit beiteområde. På beiteområdet er det gjort eit betydeleg arbeid med tiltak for turgåarar. Tråkksteinar er lagde ut gjennom eit fuktig parti, og ei solid steintrapp fører deg ned gjennom eit bratt parti når du er på veg tilbake.

Når du følger tråkksteinane nærmast vatnet kryssar du ein steingard på gjerdeklyvar, og tek til venstre bratt opp. Her er du faktisk nokre meter inne i Gjesdal, men det varer ikkje lenge før du igjen er på trygg grunn i Time kommune, når stigninga er slutt og du går inn i den tette granskogen. Turen vidare, både gjennom skog og beiteområdet mot Rossåsen er berre delvis merka i terrenget. Følg det etablerte sti- og vegnettet slik kartet viser, til du når turmålet Rossåsen og den flotte utsikten du får der. 

Ti turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen, målskilt - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2026: Tur 3, Fjermestadvatnet - Rossåsen, målskilt Jan Oskar Haugen

QR-kode for registrering av turen finn du på varden som markerer toppen av Rossåsen.

Retur tilbake til skogen går same veg som du kom. Følg løypa vidare gjennom skogen som kartet viser, før du går ned den tidlegare nemnde steintrappa på beiteområdet. Gå vidare tilbake over tidlegare passert gjerdeklyvar, der tar du til høgre på stien som fører deg vidare til grusveg og retur til startpunkt. 

Me håper du får ein fin tur!

Stolpejakten

I år som i fjor har me innlemma det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.

På denne turen finn du til saman fire stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Parkeringsplassen der turen startar (saman med QR-koden med turinfo), gjerdeklyvaren som tek deg inn på beiteområdet, gjerdeklyvaren over steingarden rett før stigninga opp mot toppen startar, og på toppen av Rossåsen.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00