Stolpejakten - Hovedportal

Stolpejakten

I samband med Friluftslivets år i 2025 starta me opp med Stolpejakten i Time kommune, og i 2026 har me utvida med 30 ekstra stolpar. Her får du litt råd og vink om korleis dette landsdekkande konseptet fungerer. Og me åtvarar: Dette kan vera avhengigheitsskapande!

Bilde av Stolpejakt-stolpe på toppen av Karten, 421 m.o.h. - Klikk for stort bileteStolpe nummer 115, Karten Jan Oskar Haugen

Velkommen til stolpejakt i Time!

Stolpejakten starta på Gjøvik i 2014, då orienteringsklubben Gjø-Vard ønska å laga eit lågterskeltilbod for å få folk ut. Dei fekk med seg to studentar frå NTNU Gjøvik til å utvikla appen som ei bacheloroppgåve, og derifrå har det berre balla på seg. Enkelte stader i Noreg er dette gigantisk – i Bergensområdet, for eksempel, kan ein snubla over stolpane overalt – mens me ikkje har hatt så veldig mykje av det her. Frode Hagerup jr. og Opplev Jæren sette ut stolpar i Njåskogen i 2023, elles har nokre av nabokommunane våre hatt kart dei siste åra. Men takk vera eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen SR-Bank og frivilligsentralane i Rogaland skal det, etter planen, bli stolpejakt i dei aller fleste kommunane i Rogaland i år. Og det er bra for oss, for jo fleire kart det finst i området, jo gøyare er det å vera stolpejeger!

Konseptet

Du kan lesa om dette på Stolpejakten sine eigne heimesider, men kort fortalt handlar det om å finna fysiske stolpar som står utandørs, det kan vera både ute i terrenget og i meir sentrumsnære område. Den enklaste måten å vera med på Stolpejakten på er å lasta ned appen Stolpejakten, du ser på biletet korleis han ser ut i App Store, men han finst òg i Google Play. Appen kostar ingenting, og det kostar heller ikkje noko å vera med på Stolpejakten.

Stolpane har forskjellige fargekodar etter kor enkle dei er å nå eller finna:

GRØN - veldig enkel, kan nåast med sykkel og rullestol
BLÅ - enkel
RAUD - medium
SVART - vanskeleg

Når du finn ein stolpe opnar du appen, trykker på “Registrer” nedst i skjermen, og skannar QR-koden på stolpen med kameraet ditt. Du får meir poeng for vanskelege stolpar enn for enkle stolpar, og så er det masse andre ting du kan få poeng for: Å samla alle stolpane på eitt kart; å samla stolpar på fleire forskjellige kart, forskjellige kommunar eller forskjellige fylke; eller å samla stolpar som er plasserte meir enn 900 meter over havet. Det siste der er litt vanskeleg på Jæren, men hvis du drar til fjells, så kanskje?

Bilde av Stolpejakt-stolpe på brua Midgardsormen - Klikk for stort bileteStolpe nummer 40, Midgardsormen Are M. Heiseldal

Konkurrer med andre

Du kan velja å konsentrera deg om å ta flest mogleg stolpar – her i Time kommune finn du i år 125 forskjellige, og det dukker nok etter kvart opp vel 10 000 stolpar på landsbasis – eller få flest mogleg poeng. Når det gjeld poeng kan du ta ein stolpe fleire gonger, men du må ha vore innom minst fem andre stolpar i mellomtida. Når du tek ein stolpe på nytt får du halve poengsummen.

Du kan finna deg sjølv i listene i appen, som viser alle stolpejegerane i heile landet, sortert enten på stolpar eller poeng, og du kan laga ei gruppe og konkurrera med vener eller familie. Kven jaktar best?

Praktiske tips

  • Karta er sorterte på kommune, ikkje på stad. Det vil seia at du ikkje finn Bryne viss du søker etter kart, du må søka på Time, som du ser på biletet til venstre under her.
  • Du kan slå saman kart, så du kan ta stolpar på fleire forskjellige kart på same tur. Dette er lurt, for karta kan overlappa kvarandre, og viss du går slavisk etter eitt kart risikerer du å gå glipp av stolpar på andre kart som er plasserte i nærleiken. Når du står inne i eit kart, som på biletet i midten under her – det viser kartet som heiter “Ti turar i Time” – trykker du på knappen med dei tre strekane og vel “Slå sammen kart”. Då kan du laga deg eit kjempekart med alle karta som er nær deg.
  • Du kan laga ei gruppe eller bli med i ei gruppe som allereie eksisterer. Då går du på “Mer” i hovudmenyen nedst i skjermen, vel “Min profil” og så “Mine grupper”. Der kan du skriva inn ein gruppekode som du får frå dei som er i gruppa du vil bli med i, eller du kan trykka på pluss-teiknet oppe til høgre og laga ei gruppe sjølv.
  • På alle stolpane våre finn du litt ekstra info om staden der stolpen står, som i eksempelet under til høgre, med stolpen som står ved den nye inngangsportalen til Sandtangen. For å få fram dette klikker du på “Vis stolpeinfo” når du har trykt på ein stolpemarkør i kartet.
  • Her ligg det òg ein annan veldig viktig funksjon. Viss du ikkje finn ein stolpe, så kan det jo vera fordi du ikkje har leita godt nok, men det kan òg vera at stolpen faktisk ikkje er der, enten fordi arrangøren har lagt inn feil info i appen, eller fordi ein eller annan luring har vore ute og gjort hærverk. Då klikker du på det blå feltet nedst på skjermen med stolpeinfo og vel “Registrer besøk på stolpe”. For at dette skal virka må du stå i nærleiken av der stolpen er plassert.
Skjermbilder frå Stolpejakten-appen som viser a) liste over kommunar som har stolpejakt, b) kart over kor stolpane står på Ti turar i Time-kartet, og c) Tekst med informasjon om stolpen som står ved inngangen til Sandtangen - Klikk for stort bilete

 

Stolpejakten har dessutan ei hjelpeside der du kan finna svar på nokre ofte stilte spørsmål.

God stolpejakt!

Me i Time kommune har altså sett ut 125 stolpar i år – opp frå 95 i fjor! – og gitt dei nokre artige (men relevante!) namn:

  • Hòl 8
  • Undergangen er nær!
  • Erling Braut Haaland
  • Klar, ferdig, gå!
  • Dissa

… for å nemna fire eksempel. Stolpane er fordelt på tre kart: Bryne sentrum, Frøylandsvatnet rundt og Ti turar i Time. Dei to siste karta er ekspedisjonskart, det vil seia kart ein må rekna minst ein heil dag på å gjera ferdig, men du må nok rekna meir enn det òg for å komma i mål med Ti turar-kartet. På ekspedisjonskart gjev stolpane meir poeng.

Bilde av Stolpejakt-stolpe festa til gjerdestolpe med utsikt over Frøylandsvatnet - Klikk for stort bileteStolpe nummer 7, Skogsstien Are M. Heiseldal

Me har femten stolpar i Sandtangen, ti stolpar i Njåskogen, og me er til og med så inkluderande at me har sett ut elleve stolpar i Klepp!

Dei to mest sentrumsnære karta inneheld ei stor overvekt av stolpar som er universelt tilgjengelege, og viss du er i rullestolbrukar og har med deg ein medhjelpar vil du kunna “ta” så godt som alle stolpane.

Ti turar i Time-kartet er basert på kommunen sitt eige tradisjonsrike Ti turar-konsept, og her har me plassert ut fire til seks stolpar på kvar av årets turar. Tur 1, Melsvatnet, er dessutan universelt utforma, så her finn du fem svært lett tilgjengelege stolpar.

God jakt!