Badeplassar

Eivindsholtjørn - Klikk for stort bileteEivindsholtjørn på Bryne

 I Time finn du fleire gode, trivelege badeplassar. Nyt dei i sommar.

Sjekk kvaliteten på badevatnet

Dei siste åra har vasskvaliteten på badevatna våre i Time vore god. Samtidig er det alltid ei fare for at giftige algar blomstrar opp i vatnet.

For å kunna vurdera badevasskvaliteten over tid, tek me prøvar frå åtte utvalde badeplassar i Time tre gonger i løpet av sommaren. I år er datoane 24. juni, 22. juli og 19. august, og når resultata er klare nokre dagar seinare oppdaterer me tabellen under.

I og med vasskvaliteten kan endra seg, er det likevel viktig at du sjølv vurderer kvaliteten på vatnet før du badar:

Sjekk om vatnet er klart, og ikke gå uti dersom vatnet er grønt eller grumsete. 

Ein tommelfingerregel er at ein bør kunna sjå botnen på éin meter djupt vatn. I tillegg må det ikkje flyta algeflak eller belegg på vatnet.

Du finn meir informasjon om blågrønnalgar på nettsida til Folkehelseinstituttet 

Kvalitet på badevatn
BadeplassDato for prøvetakingVasskvalitetTemperatur
Eivindsholtjørn19. august 2025God kvalitet17,8
Frøylandsvatnet ved Sandtangen19. august 2025Mindre god kvalitet17,7
Frøylandsvatnet ved Gåsevik19. august 2025God kvalitet16,7
Tjoratjørna, Lye, ved badeplass19. august 2025God kvalitet17,3
Melsvatnet ved badeplass aust19. august 2025God kvalitet16,6
Tjålandsvatnet ved utløpet19. august 2025God kvalitet16,1
Stemmen, Kvernaland, ved badeplass19. august 2025Mindre god kvalitet17,0
Åsvatnet ved badeplass19. august 2025God kvalitet16,3

God kvalitet = Mindre enn 100 tarmbakteriar/100 mL
Mindre god kvalitet = 100-1000 tarmbakteriar/100 mL
Ikkje akseptabel kvalitet = Meir enn 1000 tarmbakteriar/100 mL

Om badeplassane

Eivindsholtjørna
Frøylandsvatnet v/Sandtangen
Frøylandsvatnet v/Gåsevik på Kvernaland
Melsvatnet
Stemmen på Kvernaland
Tjoratjørna
Tjålandsvatnet
Åsvatnet

 

Kart over badeplassar