Programmet vert oppdatert fortløpande
08.00 – 08.30
Registrering
… og mingling på Bryne kino.
Morgonbakst frå Kanelsnurren.
Kaffi og frukt.
08.30
Velkommen
v/ Trygve Apeland, kommunedirektør i Time

Dagens konferansierar:
Brigt Skrettingland og Arnt Olav Klippenberg

Brigt Skrettingland og Arnt Olav Klippenberg har saman skapt ein av
Rogalands mest populære podkastar, «Kjære folk». Skrettingland, kjend frå
TV Vest og film og teater, bringer med seg ei rik erfaring frå underhaldningsverda.
Klippenberg, mangeårig journalist i Stavanger Aftenblad, er òg kjend som
forfattar og sceneartist. Saman utgjer dei eit sprudlande tospann som kombinerer
det lette og humoristiske med substans og skikkeleg innhald.
08.50
Kulturelt innslag v/ Kulturbanken

09.00
Innovasjon og kunstig intelligens: Skal Norge leia – eller bli akterutseilt?
Ramtin Matin, direktør Innovasjon, SpareBank 1 Sør-Norge

09.15
STORGATA – VEGEN VIDARE
Storgata viser veg
Einar Skadberg, Time kommune

Time kommune ønsker å gjera Bryne sentrum meir attraktivt for alle
gjennom å regulera Storgata til gågate. Gågate er ein viktig føresetnad
for å sikra eit robust, attraktivt og fremtidsretta handelssentrum.
Korfor satsa i Storgata?
Kjetil André Haver, Jær:Bu

Kjetil Haver presenterer boligprosjektet Jær:Bu, eit løft for Bryne sentrum, med moderne
leilegheiter, grøne tak og næringslivslokale midt i Storgata. Haver deler erfaringar frå prosessen
og tek opp utfordringane med sentrumsplanen, og fortel korfor dei likevel valde å satsa.
Kunst i Storgata
Sofie B. Ringstad, kurator, KORO (Kunst i offentlig rom)

Sofie B. Ringstad (f. 1992) er ein Stavanger-basert kurator, kritikar
og skribent. Ho er for tida engasjert som kurator for KORO – Kunst i
offentlig rom, blant anna ved Nye SUS, og er redaktør og dagleg leiar
for tidsskriftet CAS – Contemporary Art Stavanger. Ringstad har master
i Spatial Strategies frå Weißensee Kunsthochschule i Berlin, ein grad ho tok
under rettleiing av den kamerunske stjernekuratoren Bonaventure Ndikung.
10.00
Kunstpause
Markus-løpet står på stand i foajéen i løpet av pausen.
10.25
PÅFYLL
Folkefest på Bryne basert på dugnad
Livar Bertelsen, Jærdagen/Jærnåttå

Jærnåttå er etter kvart vorte ein av dei største festivalane i landet der all
planlegging/gjennomføring framleis er tufta på dugnad. Festivalen har ingen tilsette.
Livar Bertelsen fortel litt om ringverknadar Jærdagen/Jærnåttå har for butikkar,
serveringsstadar, lag og foreiningar på Bryne – og moglegheiter/utfordringar
arrangørane ser for seg dei neste åra.
Sandtangen, Brynes Hyde Park
Olav Hetland, Brynes Vel

På Bryne er me så heldige at me har eit stort og grønt friområde i sentrum
av byen vår. Dei siste åra har Sandtangen fått nye aktivitetar som hundepark,
eplehage og krokketbane. På Bykonferansen vil Olav Hetland fortella meir om
denne "skjulte" byutviklinga, og dei vidare planane for området.
Eit felles samfunnsansvar for byen vår
Anne Lovise Skailand, Blå Kors

Blå Kors Bryne er ein frivillig organisasjon som i løpet av dei siste åra
har vorte en viktig samfunnsaktør i byen gjennom etablering av fleire
møteplassar, natteravnsteneste og andre prosjekt. Anne Lovise Skailand er leiar
for natteravnstenesta, Lyspunkt og Ferieklubb og vil dela om korleis samarbeid
mellom frivilligheit, kommune og lokalt næringsliv kan nå endå lenger
i vårt felles samfunnsansvar for alle innbyggarane.
Arne Garborg og “Folkets Nobelpris”
Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret

I 1920 vann Knut Hamsun nobelprisen i litteratur foran Arne Garborg.
Då dette blei offentleggjort tok det norske folket affære. I løpet av nokre veker
samla dei inn 104 000 kroner (nesten tre millionar i dag) til Garborg. I tillegg fekk dei
laga ein medalje dei kalla «Folkets nobelpris» for å visa kven dei sette høgast.
Og nå kjem gullet heim!
11.25
Byutviklingsprisen 2025
Delast ut av Andreas Vollsund, ordførar i Time
11.45
Lunsj i Brynebyen
Lunsjen går føre seg på fem spisestadar i Bryne sentrum:
Brix, Enigma, Kjøkkenet, Møllehagen og Rits.
12.45
NYSKAPING OG VEKSTVILKÅR
Shyfoox Studios: Millionbutikk frå eit småbruk på Lye
Nora Helen Engelsvold alias Shyfoox, spelutviklar

Nora Helen Engelsvold er 23 år gamal, men var berre 14 då ho lanserte sitt
første spel på plattforma Roblox. Ho har blitt kalla den største spelutviklingsstjerna
i Noreg, spela hennar har vore spelt nærmare ein milliard gonger og ho har
Kaizers Orchestra og Riksteatret på klientlista. Men ho gjer det ho gjer fordi det er gøy.
Frå idé til app: Min gründerreise med Knit&Note
Anne Emilie Fosse, Knit&Note

Anne Emilie Fosse er dagleg leiar og medgründer av Knit&Note – ein digital
plattform som samlar alt strikkarar treng på ein stad og gjer strikkekvardagen
enklare for brukarar verda over. På Bykonferansen deler ho si gründerreise
og erfaringane med å utvikla ei teknologisk løysing for ein tradisjonell hobby.
Frå arkeologi til teknologi – ein kvinneleg gründers reise i olje- og energibransjen
Mari Strøm Larsen, NOG Electro

Mari Strøm Larsen deler reisa frå arkeologistudier og eventyr i utlandet
til gründerliv og leiing i energibransjen – ei personleg reise om tilfeldigheiter,
karrierebyte og litt jær-logikk, prega av internasjonal erfaring, strategiske karrierevalg
og entreprenørskap i ein bransje i endring. Frå Bryne til business!
Lokal eller framand kapital?
Paneldebatt om behov, fordelar og ulemper for næringslivet på Jæren.
Marlin Furuløkken Jespersen, Secant
Jostein Hauge, Ullandhaug Invest
Kjetil Njærheim, Aqua Robotics

Kva for behov har det lokale næringslivet for kapital? Korleis ser næringslivet
på Jæren ut etter «oljå»? Er «stein-på-stein» den beste oppskrifta? Kva er fordelane
og utfordringane med lokalt, norsk og utanlandsk eigarskap? Korleis får me fleire
til å investera i næringsvirksomhet på Jæren?
13.50
POPCORNPAUSE
14.15
Trump 2.0 – planlagd retning eller vilt kaos?
Ketil Solvik-Olsen, tidl. statsråd

Donald Trump har dominert mediebildet over lengre tid. Høgt tempo og
mange utspel skaper entusiasme blant tilhengarane, mens frykt og uvisse
pregar motstandarane. Han drøymer om Nobels Fredspris, men antydar samtidig
at han ønsker å annektera naboland og leflar med personar som i vestlege auge
assosierast med ufred. Han lovar å gjera amerikansk økonomi sterkare enn
nokon gong, men ofte skjelv børsane når dei ser verkemidla.
Finst det ein raud tråd i det tilsynelatande kaoset? Vil Trump lukkast med å gjera
America Great Again? Ketil Solvik-Olsen vil dela av sine erfaringar frå politikk og USA
så me kan forstå litt meir av det som nå utspeler seg hos vår store nabo i vest.
15.00
Middag
… og mingling på Hotell Jæren
Underhaldning ved dagens konferansierar