Planeten på Kvernaland

Fritidsklubben Planaten på Kvernaland er open fleire dagar i veka og har tilbod til elevar i barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Klubblokalet ligg i Kvernaland samfunnshus og er godt utstyrt med biljardbord, bordtennisbord, airhockey, PC-ar, Playstation, Xbox, kort- og brettspel. Her finn du også kiosk, minikino med lerrett der du kan sjå film eller spela på storskjerm, og diskotek med mykje lyd og tøff belysning. 

Fritidsklubben disponerer også eit bandrom som er utstyrt med gitar, bass, slagverk, synth og mikrofonar.

Klubben er open for to målgrupper, juniorar (5. - 7. klasse) og seniorar (8. klasse opp til 18 år).

Planeten fritidsklubb er ein rusfri møteplass.

Følg Planeten fritidsklubb på Facebook for å sjå kva som skjer på klubben framover eller sjekk heimesida til Planeten fritidsklubb for meir informasjon.

Opningstider

Tysdag kl.18.00 - 21.00, 8. trinn til 18 år. Gratis inngang
Onsdag 19.00 - 22.00, 8. trinn til 18 år. Gratis inngang
Torsdag Juniorklubb kl. 17.30 - 20.30, 5. til 7. trinn. Inngang 10 kr.

Adresse

Kverneland samfunnshus
Gamle Åslandsvegen 9
4355 Kvernaland

Kart