Garborgdagar

Garborgdagar i Time kommune vert feira kvar januar kring bursdagen til Arne Garborg.

Den 25. januar 1851 vart Aadne Eivindsen Garborg fødd på Garborg i Time. Den gløgge odelsguten skulle bli ein av våre største diktarar og samfunnsformarar, kjend både i Norge og elles i Europa.

Garborgdagar legg opp til å kunna tilby eit variert og allsidig program i veka kring den 25. januar. Det vil vera fleire forskjellige tilbod knytta sterkare eller lausare til den store diktaren, som alle vil bidra til å å halda minnet om han levande.

Garborgdagar skal innehalda noko for alle, med både alvor og skjemt for Garborgvenner og dei me håpar skal verta det.

Derfor er de alle velkomne til Garborgdagar i Time!