Startlån

Startlån er behovsprøvd og skal medverke til at husstandar med langvarige bustadetableringsproblem skal få høve til å etablere seg og verta buande i nøkterne og gode bustader.

I år er barnefamiliar og personar med utviklingshemming prioriterte målgrupper for startlån. Behandlingstia er 2-3 måneder. 

Status startlån april 2024:

Time fekk tildelt 25 millionar for 2024, og desse midlene er no fordelt. 
Dersom Time får tildelt fleire midler i år vil me informera om dette på denne sida. 


Søknadar vert behandla fortløpande. 

Søk startlån gjennom Husbanken her.

 

Kven kan få startlån?

Husstandar med etableringsproblem er husstandar som ikkje får bustadlån i vanlig bank og ikkje har moglegheit til å spare opp nok eigenkapital.
Finansieringa skal gje husstanden stabile butilhøve.

Startlån skal gje fleire vanskelegstilte personar moglegheit til å gå frå å leie til å eige ein eigna bustad.

Kva kan det gjevast lån til?
  • Kjøp av bustad
  • Utbetring av bustad
  • Refinansiering. Startlån kan nyttast til refinansiering av dyre bustadlån dersom det fører til at husstanden får høve til å verta buande i bustaden.
  • Førehandsgodkjenning. Kommunen kan gje ei skriftleg stadfesting på at lånesøkjaren vil få startlån dersom søkjaren finn ein eigna bustad med kjøpesum innanfor ein fastsett sum.

Refinansiering

Startlån kan nyttas til refinansiering av bustadlån dersom du står i fare for å mista bustaden ved tvangssal. Det kan ikkje gis startlån til refinansiering av kredittkortgjeld, forbrukslån, billån eller anna usikra gjeld.

Kommunen vil vurdera kva behov husstanden har, både med omsyn til bustad og finansiering. Val av bustad og finansieringsløysing føreset at husstanden kan verta buande i bustaden. I alle høve er det ein føresetnad at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjaren kan betene buutgiftene over tid og samstundes ha tilstrekkelege midlar til livsopphald.

Dei ovannemnde punkta er retningsgjevande for låneutmålinga, men dei kan avvikast når særlege grunnar talar for det. For særleg vanskelegstilte husstandar kan startlånet brukast i kombinasjon med bustadtilskot.

Kven kan få lån?

Søkjar må bu i Time kommune eller ha nær tilknyting til kommunen gjennom jobb eller familie før dei kan søkje om startlån.

Får du lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i en situasjon kor du kan spare, får du heller ikkje startlån.

Startlån er behovsprøvd

Startlån er behovsprøvd og kan omfatte barnefamiliar, einslege forsytarar, unge uføre og flyktningar. Startlån kan og nyttas til eldre og personar med nedsett funksjonsevne som vil kjøpa bustad eller må tilpassa bustaden sin. Personar som bur i kommunale bustader vil verta prioritert.

Det er bare personar som har varig låg inntekt som kan søkje om startlån. Dette er personar som ikkje får lån andre stader. Kommunen må derfor i stor grad fullfinansiera kjøpet.

Lånsøkjarar må dokumentera at husstanden sine framtidige inntekter og mogelege stønader er tilstrekkelege til å betene renter og avdrag på lån i tillegg til vanlege levekostnader. Dokumenteringa skal søkjaren gje i form av ei eigenvurdering av økonomien etter låneopptaket. Kommunen kan krevja ytterlegare dokumentasjon.

Søknaden vil verte avslått dersom kommunen meiner at lånsøkjaren ikkje vil klare framtidige betalingsforpliktningar. Søknaden kan også verta avslått dersom kommunen meiner at husstanden si inntekt er høg nok til å betene alternativ mogeleg finansiering.

Alle husstandsmedlemmene som medverkar til nødvendig inntektsgrunnlag, bør normalt også vera låntakarar.

Kor mykje kan eg låna?
Time kommune sine retningsliner
Treng du hjelp?

Du kan henvende deg til Innbyggarservice på rådhuset på Bryne for hjelp og rettleiing på telefon 51 77 60 00

 

Kontaktinfo

Gunnar Høiland
Førstekonsulent
E-post
Telefon 51 77 62 80
Mobil 95 30 73 69
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00