Kommunal bustad

Om du er utan eigna bustad og ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv, kan du søka om å leiga kommunal bustad.

Det må vera økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffa deg ein stad å bu.

Vilkår for tildeling av kommunal bustad

Søkjarar må:

  •  Ha nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne med manglande evne til sjølv å ivareta sine interesser på bustadmarknaden til å skaffa seg eigd eller leigd bustad.
  • Vere utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære grunna låg inntekt, mangel på formue og/eller eigenkapital.
  •  Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne som er slik at det er behov for særs tilrettelagt bustad med tilgang til døgnbemanning.
  •  Første gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak.
  • Ha prøvd å skaffa deg bustad sjølv

 

Søk her

Tildeling

Bustadene vert tildelt etter søknad av eit administrativt samarbeidsutval/bustadutval som har møte kvar 3.veke. Målet med utvalet er å nytte dei kommunale bustadene på ein mest tenleg måte og finne gode løysingar som tek omsyn til både brukar- og tenestebehov, forvaltning av bustadene/vedlikehald og økonomi/ressursar.

Lovgrunnlag

Helse- og omsorgstenestelova § 3-7: «Kommunen skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særlig tilpasning og med hjelpe- og vernetiltak for dem som trenger det på grunn av alder, funksjonshemning eller av andre årsaker».

Lov om arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV-lova) § 27: «Kommunen er forpliktet til å skaffe midlertidig husvære for dem som ikke klarer dette selv».

Kontaktinfo

Gunnar Høiland
Førstekonsulent
E-post
Telefon 51 77 62 80
Mobil 95 30 73 69
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00