Bustønad

Bustøtte er ei statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.

Kven kan få bustøtte?

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte

Søknadsfristen er den 25. i kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Du kan søkje elektronisk på Husbanken sine nettsider. Om dette ikkje er mogleg for deg, kan du fylla ut søknadsskjema på papir og sende/levere til Time kommune v/Innbyggarservice.

Om du får innvilga bustønad vil søknaden din bli overført til neste månad automatisk.

Korleis melda frå om endringar?

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Her kan kan melda frå om endringar.

Rettleiing

Innbyggarservice på rådhuset på Bryne kan hjelpa deg med søknaden og svara på spørsmål du har om bustøtte.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Klage

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.  

Her kan du klaga på vedtak.

 

Søk her

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00