Mat- og drikketilbod for eldre

Sjølv om det ikkje finst ein garanti for god helse, veit me at maten me et påverkar korleis kroppen og hovudet spelar på lag. Både dagsform og humør kan påverka matlysta. Dersom du har etablert gode matvanar aukar sjansane for at du får i deg næringsrik mat og held deg frisk lenger. 

Time frivilligsenter kafè og aktivitet

Kafeen er open for alle. Her kan du nyta eit godt måltid i eit triveleg miljø.

Open kafe frå klokka 08.00–13.00. 

Det er middagsservering alle dagar frå kl. 11.00 - 13.00 
Frukostservering alle kvardagar. Middag kan du også ta med heim.   

Daglegvarebutikk med nettsalg og heimkjøring

Spar butikk på Varhaug tilbyr matvarer via netthandel og heimkøyring av varer. Tilbodet endrar seg, så sjekk med dine nærbutikkar. 

 SPAR Nettbutikk: bestill på nett med heimlevering