Mat & drikke

Sjølv om det ikkje finst ein garanti for god helse, veit vi at maten vi et påverkar korleis kroppen og hovudet spelar på lag. Både dagsform og humør kan påverke matlysta. Dersom du har etablert gode matvanar aukar sjansane for at du får i deg næringsrik mat og held deg frisk lenger. 

Time frivilligsenter kafè og aktivitet

Kafeen er open for alle. Her kan du nyta eit godt måltid i eit triveleg miljø.

Open kafe frå klokka 08.00–13.00. 

Det er middagsservering alle dagar frå kl. 11.00 - 13.00 
Frukostservering alle kvardagar. Middag kan du også ta med heim.   

Daglegvarebutikk med nettsalg og heimkjøring

Spar butikk på Varhaug tilbyr matvarer via netthandel og heimkøyring av varer. Tilbodet endrar seg, så sjekk med dine nærbutikkar. 

 SPAR Nettbutikk: bestill på nett med heimlevering 

Om aldring og bruk av rusmidlar

Dagens eldre drikk meir alkohol enn tidlegare. Både auka sosial aktivitet og einsemd kan gi grunnlag for auka alkoholbruk. Når ein blir eldre kan alkohol og medikamenter verke på andre måtar enn tidlegare. Her finn du informasjon om aldring og rus, samt informasjon om lett tilgjengeleg hjelp dersom du er bekymra for rusbruk eller psykisk helse for deg sjølv eller nokon du kjenner. 

Hugs at fastlegen har kompetanse om aldring og rus og psykisk helse, og kan vere ein god samtalepart. 

Aldring og rus - Nasjonalt senter for aldring og helse