Liten matlyst og vekttap

Lurer du på om du eller nokon du er glad i er i risiko for underernæring? Det kan du få hjelp til å finne ut av her. Her får du også nokre kostråd som er fine å følgje for dei som har dårleg matlyst.

Eldre og sjuke er i risiko for underernæring. Det er enklare å forebyggje enn å behandle, så det er fint å finne det ut tidleg.

Finn ut om du er i risiko for underernæring

Lurar du på om du, eller ein du er glad i, er i risiko for underernæring, kan du bruke verktøyet MST (Malnutrition Screening Toll)- Helsedirektoratet.

Måltidsmiljø og matglede

Miljøet vi et i har mykje å seie for appetitten og matglede vår. Legg til rette for eit godt måltidsmiljø og sjå om dette kan væra med å auke matlysta:

  • Sørg for frisk luft, ta ei rask utlufting før måltidet
  • Pynt bordet med duk og fine serviettar
  • Ha gode spisereiskap og sørg for god sitjestilling
  • Pynt maten med fargerike grønsaker eller majonessalatar
  • Server drikke i fine glas
  • Et gjerne saman med nokon
Spis regelmessige måltider

Et gjerne fire hovudmåltid (frukost, lunsj, middag og kvelds). I tillegg kan det væra lurt å få i seg eitt til to lette mellommåltid. Prøv å koma raskt i gang med første måltid og fordel måltida jamnt utover dagen. Prøv å unngå nattfaste over 11 timar.

Tips til mellommåltider:

  • Yoghurt eller kesam med kornblanding og frukt/bær
  • Smoothie (heimelaga eller kjøpt)
  • Kjeks, flatbrød eller vaffel med smør, ost eller anna pålegg
  • Rislunsj, byggrynlunsj
  • Energibar
  • Banan
  • Rett i koppen-suppe med egg eller brød til
  • Usalta nøter og tørka frukt
Berik maten

Å berika maten betyr å tilsetja ekstra energi i maten, gjerne i form av feitt og/eller protein. på den måten aukar du energiinnhaldet i maten utan å auka mengde mat.

  • Bytt konsekvent over til heilfeite produkt og styr unna magre lett-produkt
  • Tilsett 1 ss smaksnøytral olje eller 2 ss kremfløyte i yoghurt/suppe/saus/graut/stappe
  • Tilsett fløyte i kaffen
  • Tilsett egg og/eller litt fløyte i smoothie
  • Ha gjerne smelta smør over poteter i tillegg til saus over kjøttet til middagen, og evt ein rømmeklatt på sida
  • Visp inn egg rett før servering i f.eks suppe, saus, graut, stuing og stappe
  • Topp retar eller bakst med litt riven ost

 

Dersom du et små porsjonar kan det væra lurt å prioritera kjøtet, fisken og meieriprodukta i måltida for å få i deg greit med proteiner. Dersom du vert tidleg mett kan du redusera mengda grønsaker i måltidet. Sjølv om grønsaker er sunt og godt kan det ta opp plassen for viktig energi.

Spis gjerne dagleg dessert

Få i deg nok væske gjennom dagen

Nok væske for mange funksjonar i kroppen. Forsøk å få i deg 30 ml væske per kg kroppsvekt. Veg du til dømes 50 kg, treng di\u omlag 1500 ml væske dagleg. ved feber, svette og diarè vil du trenga ekstra utover dette.

Dersom du får i deg lite mat, er det viktig å velja energirik drikke til måltida og inkluder gjerne meieriprodukt til tre av måltida. Pass likevel på at du ikkje drikk deg mett i forkant av måltid.

Eksemplar på energi drikke:

  • Søt mjølk, gjerne heilmjølk
  • Sur mjølk, med eller utan smak
  • Juice
  • Smoothie (heimelaga eller kjøpt)
  • Sjokolademjølk eller kakao, og det er lov med litt krem på toppen
Kosttilskot

Vitamin D-behovet aukar med alderen. Er du over 75 år kan du ta tran eller eit vitamin D tilskot. Dersom du generelt har eit lågt inntak av mat og drikke eller du har påviste manglar på blodprøver kan det i tillegg væra nødvendig med eit multivitamin- og/eller mineraltilskot. Høyr med din lege før du startar opp med tilskot, spesielt dersom du bruker faste medisinar.

Heimelaga styrkedrikkar og næringsdrikkar

I periodar med nedsatt matlyst eller ved sjukdom kan det vera lettare å drikka enn å eta. Då kan ein forsøka å laga eigne styrkedrikkar som tilfører både godt med energi og proteiner.

Bær-smoothie
Blå smoothie
Sjokoladestyrken
Solskinnsdrikken

Dersom du har forsøkt alle råda som er nemnde over, og vekta framleis er for lav kan det i periodar vera nødvendig med tilskot av næringsdrikkar frå apotek. Høyr med din fastlege om du kan ha rett på næringsdrikkar på blå resept.

Kontakt fastlegen din

Dersom du på denne nettsida fant ut at du eller ein du er glad i er i risiko for underernæring og vekta fortsetter nedover bør du informera legen din eller anna helsepersonell om dette.

Tilbod og tenester i kommunen

Time frivilligsentral og kafè

Her kan du eta saman med nokon og kjøpe deg frukost (Kl. 08.00-09.30) og middag (kl. 11.00-13.30). Her skjer det og fleire sosiale aktivitetar i løpet av veka. For meir informasjon, sjekk ut Time Frivilligsentral sine nettsider

Klinisk ernæringsfysiolog

Kommunen har klinisk ernæringsfysiolog som kan vera behjelpeleg med å gje og støtte dersom du over tid strevar med å få i deg nok mat og drikke. Du kan få fastlegen eller anna helsepersonell i kommunen til å henvisa.

Nyttige lenker