Gode råd til deg som vil planlegge alderdommen

Sjå tips og råd for korleis du kan planleggje for å skapa ein best mogleg alderdom med høg livskvalitet. Du får råd om alt frå busituasjon og økonomi til fysisk helse, hjernetrim og sosial aktivitet.

Busituasjon

Ein aldersvennleg bustad handlar om meir enn bustader som er spesialtilpassa for eldre. Det kan vere bustader som fungerer bra for alle aldergrupper. Har bustaden dine dører som er breie nok for både rullator og rullestol, er dei også breie nok til å få inn ut både møblar og barnevogner. Er badet ditt bygd for å ha plass til stellebord, kan det vere stort nok til at rullestolbrukarar kan nytte seg av det også.

Ønskjer du å planleggje for å klare deg mest mogleg sjølv i seniortilværet, bør det til dømes vere enkel tilkomst til bustaden din. Det er også smart å ha bustad i nærleiken av matbutikk, apotek, helsetenester, kulturtilbod og andre sosiale arenaer som er viktige for deg.

Du kan gjere mindre grep i bustaden din for mellom anna å redusere risikoen for fall og for å styrkje brannsikkerheita.

Brannsikkerheit

Røykvarseler
Sørg for å ha røykvarslarar som fungerer. Be gjerne om hjelp frå pårørande til å klatre opp for å teste dei og skifte batteri. Sjekk at du har slokkeutstyr som du meistrar å bruke sjølv. Brannteppe og slokkespray er anbefalt og enkelt å nytte.

Komfyrvakt
Komfyren er ei vanleg kjelde til til bustadbrann, men ein komfyrvakt kan hindre dette. Den kuttar straumen til komfyren dersom du gløymer å følgje med på kokeplatene. Installer gjerne også eit tidsur til kontakten der du brukar kaffitrakteren.

 

Trygg i trappa

Trygg i trappa Innandørs er det lurt å setje opp gelender på begge sider av trappa viss du har det. Merk gjerne første og siste trinn med ei fargestripe. Då ser du mykje lettare kvar trappa byrjar og sluttar. Festar du antisklibelegg på alle trinna, reduserer du faren for å skli i trappa.

Har du trapper utandørs, bør du setje opp rekkverk. Rådet gjeld også dersom du har ein bratt bakke eller stig opp til huse.

Sikkerheit på badet

Dusj er betre enn badekar. Det er tryggare å gå inn og ut av dusjen, og enklare for dei som eventuelt skal hjelpe deg.

Monter gjerne eit handtak i dusjen og bruk ei stødig dusjmatte, slik at du ikkje glir så lett på våte badegolv. Dersom du blir svimmel innimellom, bør du skaffe deg ein stabil dusjkrakk.

Fjern lause gjenstander

Du bør fjerne snublefeller i heimen din. Det inneber å unngå lause leidningar, tepper og gjenstander der du vanlegvis går i huset. tepper som fort glir, er spesielt viktig å fjerne. Golvtepper der kantane stikk ut, bør du også ta bort. Det bør vere fritt for tepper og lause gjenstandar mellom senga di og toalett.

Unngå klatring

Balansen blir svekka med åra, og du bør derfor unngå å klatre opp på krakkar og benkar for å nå opp øvst i hyller og skap. Flytt derfor det du har bruk for i det daglege ned til ei høgd der du enkelt når opp.

Bruk innesko

Bruk stødige innesko med støtte rundt hælen. Går du på sokkelesten inne, er det lett for at du sklir og fell.

Lys om natta

Ha på litt dempa lys om natta, slik at du reduserer risikoen for å falle viss du skal på toalettet om natta. Er det vanskeleg å sove med lys på, kan du ha ei lommelykt på nattbordet.

Bli eller flytte

Du bør tenkje over korleis du ønskjer å bu i alderdommen. i tillegg til at sjølve bustaden bør vere seniorvennleg, er det mange andre faktorar du bør ta med i vurderinga. Ta med betrakninga at du kan få dårlegare helse undervegs, og då kan det vere meit krevjande å flytte.

Du kan mellom anna tenkje over følgjande spørsmål:

  • Korleis kan og bør eg tilretteleggja bustaden min, slik at den møter behova mine i framtida?
  • Kor og korleis ønskjer eg å bu når eg blir eldre?
  • Kva tenester, tilbod og aktivitetar har eg behov for i nabolaget?
  • Kva slags hjelp har eg behov for dersom helsa mi blir svekka?
  • Korleis blir økonomien min når eg blir pensjonist?
  • Har bustaden min behov for vedlikehald?
  • Korleis skal eg løyse dette både praktiske og økonomisk?

 

Ønskjer du å flytte til ein meir tilrettelagt bustad, er det best med ei leilighet som er trappefri og har livsløpsstandard.

Tilskots- og låneordningar for utbedring av bustad