Kva er pakkeforløp heim?
Formålet er å sikra tryggleik og føreseielegheit for deg som har fått ein kreftdiagnose, og at behova dine for oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga blir avdekt og følgt opp.
Pakkeforløpet skal bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring for pasientane.
Pakkeforløp heim inneber tre behovskartleggingssamtalar. Den første samtalen blir gjennomført i spesialisthelsetenesta. Dei to siste samtalane vil bli utførte i kommunen.
Behovskartleggingssamtalar er frivillig. Den første 3–4 månader og den andre 12–18 månader etter du fekk diagnosen. Det betyr ikkje at oppfølginga blir avslutta etter siste samtale. Samtalar om behov og vidare oppfølging i spesialisthelsetenesta, hos fastlegen, kreftkoordinator og/eller andre kommunale tenester held fram så lenge du har behov for det.
Meir informasjon finn du på:
Ta kontakt
Dersom du har spørsmål om pakkeforløpet, ta kontakt på mobil 482 02 107 / 476 08 160