FrisklivssentralenFrisklivssentralen gir primært støtte til fysisk aktivitet, kosthald, tobakkrettleiing. Det gis og rettleiing innan søvn, til livs- og stressmestring, samt det å leva med langvarige helseutfordringar. Dette er eit tilbod for deg mellom 18 og 70 år.Tilvisningsskjema for frisklivsentralenDersom me ikkje kontaktar deg i løpet av ei veke, kan du ta kontakt på tlf. 411 06 242 eller 477 58 281. Frisklivssentralen si nettside Frisklivssentralen si nettside Kva tilbod har Friskliv? Individuelle helsesamtalarTreningsgrupper:- Friskliv Jæren timeplanFrisk og Sterk 60+ er ei treningsgruppe for deg over 60 år som ønsker å holde deg i form og trene saman med andre. Treninga inneheld styrke, kondisjon og balansetrening. Alle Frisk og Sterk 60+ treningane er i Timehallen, Trallfavegen 4. Det er ein eigenandel på 450 kr per halvår. Treninga følgjer skuleruta.Tirsdag kl.12.15 - 13.15 - For damerTirdag kl.13.45 - 14.45 - For mennTorsdag kl. 08.30 - 09.30 - Fellestrening Kva type kurs har Frisklivssentralen? Bra mat for betre helseTankeviruskursKvardagsgledekursSøvnkursFriskliv ung Kven kan tilvisa? Du kan sjølv ta kontakt med frisklivssentralen, eller verta tilvist av fastlege eller anna helsepersonell. Kostrettleiing er ikkje knytta til spesifikke probemstillingar eller diagnosar. Tilbod Friskliv Jæren Frisklivssentralen i Time samarbeider tett med frisklivssentralane i Gjesdal, Klepp og Hå. Den individuelle oppfølginga får du i heimkommunen din. Du kan nytta gruppetilboda i alle dei fire nemnde kommunane. For meir informasjon om tilbudet på Friskliv Jæren:Frisklivsentralen si felles nettside. Kontakt oss Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale med oss eller skriv e-post til friskliv@time.kommune.no Sist endra 06.08.2025 07.37