OmsorgsbustadHer finn du søknadskjema til omsorgsbustadOm du har helseutfordringar som gjer at du treng eit tilrettelagt butilbod, kan du søka om omsorgsbustad. Det kan vere på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing. I kommunen finst ulike typar bustader, der fleire har fast tilknytta bemanning og nokre har tilgang på helsehjelp fleire gangar i døgnet. Omsorgsbustadene kan bidra til auka tryggleik, sosial kontakt med andre, betra meistringsevne og livskvalitet. Bustadane er reserverte for personar med særleg behov for hjelp som ikkje kan, eller meistrar å bu i vanlege bustader. Ulike typar bustader Kommunen ha rulike typar omsorgsbustader som er tilpassa ulike hjelpebehov.BarnebustadButilbod for mennesker med nedsatt funksjonsevneButilbod for personar med alvorleg psykisk helsesviktButilbod til menneske med samtidig psykisk hele- og rusproblemButilbod for personar som har særskilte pleie- og omsorgsbehovEtter at du har søkt vil me ta kontakt med deg for å kartlegga dine behov og ditt funksjonsnivå. På bakgrunn av det vil me gjera ei heilskapsvurdering om kva bustad som er best egna. Betaling Du må betala husleige etter gjeldande satsar som kommunestyret fastset. I tillegg kjem straum, renovasjon og andre utgifter som normalt fell inn under ei husholdning. Det er skilnad på husleigeprisar. Ved søknad om omsorgsbustad kan teneste- og samordningskontoret gje nærare informasjon om aktuelle leigeprisar. Sist endra 19.11.2024 12.56