Skulefritidsordning (SFO)

Time kommune har seks barneskular der det er SFO-tilbod. Desse er skulane på Bryne, Hognestad, Rosseland, Frøyland, Lye og Undheim.

Informasjon om åpningstider på SFO finn ein ved å gå inn på SFO på den einskilde skule si nettside.

Påmelding, endring og oppseiing av SFO
Informasjon om SFO - norsk
Informasjon om SFO - engelsk
Informasjon om SFO - polsk
Informasjon om SFO - arabisk
Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga i Time
Informasjon om lågare pris på SFO dersom husstanden samla har låg inntekt

Pris og betaling

 

Prisliste skulefritidsordning (SFO) frå 01.01.2025
Pris pr md. (11md. pr år)5 d/veke4 d/veke3 d/veke2 d/ veke
Elevar 1. - 2. og 3.trinn1390 kr690 krgratisgratis
Elevar 4. trinn3480 kr2770 kr2080 kr1390 kr
Matpengar240 kr200 kr145 kr105 kr
Pris pr ekstra dag 305 kr

 

Ein betaler for 11 månader per år. Ein betaler både for opphald og mat.

Informasjon til føresette om gratis kjernetid i SFO 

Elevane på 1. - 2. og 3. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet.  2 dagars tilbodet vil óg vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. - 2. og 3. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.  

Pris for dei ulike tilboda er oppgitt i tabellen ovanfor.

Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg.  

Dei vekene i skuleåret skulen har stengt og SFO er open, kan ein nytta dagane  ein har plass på SFO. Det er óg mogleg å kjøpa opphald ekstra dagar. Denne ordninga gjeld óg for ferieveka i slutten av juni og ved skulestart i august.  

Ein søker om SFO- plass via Visma flyt skule. Det ligg lenke på heimesida til skulen. 


Søknadsfrist er 1. mars. 

Redusert foreldrebetaling i SFO

Foreldre til barn i 1.- 4. klasse med samla inntekt under kr. 638 000,- har rett til å søka om redusert foreldrebetaling. 
Foreldrebetaling skal utgjera maks 6% av husstanden si samla inntekt for ein fulltidsplass i SFO. 

Ein får ikkje automatisk lågare pris på SFO om ein har låg inntekt, foreldre må sjølv søka om å få redusert pris. Ein søker om redusert pris via Visma flyt skule under «søknader».  

Vedtak om reduksjon gjeld for eitt skuleår om gongen.

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadsstidspunktet, og ut skuleåret. 

Time kommune har ikkje ordning for søskenmoderasjon i SFO.

 

Søk redusert foreldrebetaling

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00