SynspedagogSynspedagogen tilbyr tenester til barn og vaksne som har utfordringar med synet i kvardagslivet. Målgruppa er menneske med svekka syn frå moderat til alvorleg grad (blinde). Synspedagogen arbeidar og med synsutfordringar som har oppstått etter erverva hjerneskade, samt med augemotoriske vanskar. Kva gjer ein synspedagog? Kartlegging av synsfunksjon og synsutfordringar i kvardagslivet (heime, i barnehagen, på skulen, arbeidsplassen og fritida) Opplæring i kompenserande ferdigheiter: punktskrift, mobilitet, bruk av synstekniske hjelpemiddel Synstrening (etter avtale med augespesialist) Rådgjeving og rettleiing til føresette, pårørande, kollegaer, personale i barnehage, skule, institusjon Rehabilitering av synet etter hjerneslag/hjerneskade Ved behov for hjelp av synspedagog, kan ein søka om tenester ved å nytta tilvisingsskjema. Tilvising til synspedagog (DOCX, 15 kB)Besøksadressen vår er:Morenefaret 14340 Bryne Sist endra 22.08.2025 10.58