PPT i barnehage

PPT undersøkjer om barn kan ha behov for ekstra hjelp i barnehagen gjennom observasjon, kartlegging og testar. Dersom du som føresett er bekymra tek du kontakt med barnehagen, som først gjer sine undersøkingar og set i gang utprøving av tiltak.

Dersom barnet framleis har vanskar, kan barnehagen i lag med føresette senda ei tilvising til PPT, som då vil kartleggja kva behov barnet har og rettleia barnehagen i korleis dei bør arbeida vidare. Viss PPT vurderer det slik at barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp, vil me utarbeida ei sakkunnig vurdering, jamfør Barnehagelova.

Har barnet rett på spesialpedagogisk hjelp i barnehagen skal kommunen deretter fatta eit vedtak som stadfester dette.

Tilvisningsskjema for PPT

Pedagogisk rapport (PDF, 19 kB)

Besøksadressen vår er :

Morenefaret 1
4340 Bryne

Kontaktinfo

Silje Helland Sotnakk
Verksemdleiar PPT
E-post
Mobil 90 17 64 93
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Adresse