Torhild Wigestrand, byggesaksbehandlar, Plan og forvaltning
Eg har jobba i kommunen i fem år nå, med ein bakgrunn frå privat næring, og måtte «gå meg litt til» fyrst. Men eg set veldig pris på at me i kommunen vår har både by og land. Når eg er ute på tilsyn kan det like gjerne vera ein bygård som eit landbruksområde. Og så er kommunen passeleg stor, me har kort avstand internt og enkelt å kommunisera.
Me har godt arbeidsmiljø, og det er fordi me har investert i det. Det kan vera mykje eksternt press i denne jobben, men me merker at me toler meir fordi me kjenner kverandre godt.