På Bryneheimen får eg øvd meg på det faglege og føler eg utviklar meg i jobben. Med årsturnus er arbeidstida veldig fin, og eg kan koma med ønskje om korleis eg vil jobba. Viss eg vil ha meir helge- eller kveldsvakter er det greitt, vil eg jobba ekstra er det alltid vakter å få, og vil eg ha litt meir fritid kan eg få det. Og arbeidsmiljøet er topp. Eg har kollegaer med mange ulike utdanningar - sjukepleiarar, assistentar, legar, frisørar - og alle jobbar godt i team.
Leveregelen til Time kommune er "Me skal gjera kvarandre gode." Den bodskapen likar eg veldig godt, og sånn er det faktisk: Me gjer kvarandre gode. Eg trur ikkje det er nokon som jobbar her på Bryneheimen som ikkje trivst.