Peter Braut, vernepleier, heimesjukepleia sone vest
Eg jobbar i heimesjukepleia sone vest, eller "Ville Vesten", som me kallar det. For ein veit aldri heilt kva ein møter i denne jobben, og det er noko av det eg likar best med han. Av og til er det fullt kaos, men det kjekke er at me er saman om det her i Ville Vesten. Eg opplever òg at det er godt samspel mellom dei ulike instansane, og får ei kjensle av at eg er ein del av noko større.
Eg har jobba her størstedelen av arbeidslivet mitt, og likar at jobben krev at eg er veldig fleksibel. Det vert aldri einsformig å jobba her, det er nye oppgåver kvar dag når ein kjem heim til folk, og ein får jobba med heile mennesket. Kvar dør er ei ny historie, og det er spennande.
Eg er utdanna vernepleiar, og opplever at det er takhøgd for ulik kompetanse i denne jobben. Fleirtalet av dei eg jobbar med er sjukepleiarar, men det er ikkje noko hierarki her, og det er behov for alle - både vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og assistentar. Og så får eg lov å vera vernepleiar, ikkje berre "light-sjukepleiar".