Planområdet
Planområdet omfattar eigedommane gnr. 28 bnr. 191 og 237, samt offentleg leikeplass og snuhammar i enden av Skogsvegen. På eigedommane i dag er det eldre frittliggjande bustader som er planlagt reve. Utklippet nedanfor synar ny planavgrensing:

Føremålet med planen
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for fortetting på eiendommene gnr. 28 bnr. 191 og 237. Det er foreslått totalt 19 bueiningar. Førebelse skisser syner rekkjehus og ein fleirmannsbustad.
Det vart 19.11.24 varsla oppstart av planarbeid for Plan 0562.00 - Detaljregulering for Skiferbakken 13 og16 - gnr. 28 bnr. 191,237 mfl. Etter ønske frå forslagsstiller vart det i etterkant beslutta å utvida plangrensa til å og omfatte eigedommen Skiferbakken 13 (gbnr. 28/237). Hensikta med utvidinga er i følge forslagsstiller å sikre ei meir effektiv og heilskapleg arealutnytting.
Plandokument
Dokumenta som høyrar med varsel om oppstart med utvida plangrense kan du syna her:
Varsel om oppstart
Har du innspel?
Innspel sendes inn via Altinn til Edgastrek AS, eller på epost til post@egdastrek.no. Kopi av innspel sendast til Time kommune: plan@time.kommune.no eller Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.
Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet.
Merknader vil ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i samband med politisk behandling.
Frist for å gje innspel er 17.12.2025.
Det vil vera ny moglegheit til å gje innspel til planforslaget under høyring og offentleg ettersyn, etter førstegongsbehandling.