Melding om vedteken endring av plan - Plan 0516.00 - Detaljregulering for bustader og næring i Trallfavegen 7, Bryne

Utval for lokal utvikling har i møte den 20.11.2025 fatta følgjande vedtak:

Utval for lokal utvikling godkjenner forslag til endring av Plan 0516.00 - Detaljregulering for bustader og næring i Trallfavegen 7, Bryne datert 08.10.25, med tilhøyrande føresegner datert 21.10.25. Vedtaket er gjort i medhald av § 12-14 i plan- og bygningslova.

Føremålet med endringa

Føremålet med foreslegne endringar er å forenkla føresegnene, tilpassa planen til dagens marknad og kostnadsnivå, og legge inn fleksibilitet nok til at leilighetsstorleik og -tal kan tilpassast marknaden. Endringa mogleggjer og ei trinnvis utbygging som er enklare å realisera i kvart trinn. Endringa påverker mellom anna høgder, materialbruk, overgangen til Myrbrotet, forhald for mjuke trafikantar i Trallfavegen, parkering, og storleik på bustader. Sjå saksframlegg med vedlegg for meir informasjon om ytterlegare endringar. 

Plandokument
Vedteken reguleringsplan, andre dokument og tilhøyrande saksframlegg er tilgjengeleg via denne lenka. Du kan og få vedtekne plandokument ved å henvenda deg til innbyggjarservice i Time rådhus

Informasjon om klagerett

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mogeleg å senda eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyval Skjema og Klage på vedtak – skjema.

Klage må være sendt seinast 2. januar 2026.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.