Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid: 0562.00 - Detaljeregulering av Skiferbakken 16

Arkitektkontoret egðastrek AS varsler på vegne av Dalane Eiendomsselskap as oppstart av følgane reguleringsplan: 

Plan 0562.00 - Detaljregulering for Skiferbakken 16, Kvernaland. 

Føremålet med planen er å leggja til rette for aukt tettleik på eigendom gnr28 bnr 191. På eigedomen står det i dag ein frittliggjande bustad, som skal rivast og erstattast av rekkehus og fleirmannsbustadar. Total legg ein opp til 11 bueiningar innafor planområdet. Hovedatkomst ska endrast frå Skiferbakken til Skogsvegen. Eksisterandes leikeplass innerst i Skogsvegen vil bli oppgraderert samstundes som utbygging innafor planområdet. Planområdet er på omtrent 3,2 dekar. 

Det har tidlegare vore ein planprossess, plan 0509.00, som vart avslutta grunna fråsegn frå regionale mynde på grunnlag av låg utnytting. Det er nå kome ein nye kommuneplan med nye føringar, som gjer at ein har valt å starta opp ein ny planprosess. 

I gjeldande kommuneplan for Time kommune 2018-2030 er område vist i Temakart 1 som "potensiale for fortetting". Kommuneplanen vise til regionalplanen for Jæren når det gjeld utnyttelse. Planområdet er i dag regulerert til bustaformål i reguleringsplan 0142.00 frå 1992. Atkomsten til tomta er i gjeldande regulering frå Skiferbakken i sør.  

Planarbeidet utløysar ikkje krav om konsekvensutgreeing jf.forskriftens §6-8.  Det skal heller ikke lagast utbyggingsavtale. 

Har du innspel?  

Reguleringa kan råka grunneigara sine interessar ikring planområdet. Grunneigara vert bede om å informera leigetagara/rettshavar om planarbeidet. Innspel sendes inn via Altinn, eller på epost til post@egdastrek.no. Kopi av innspel kan ein senda til Time kommune. plan@time.kommune.no 

Frist for innspel er 23.12.2024 

Ein gjerast merksamt på at innsendte merknadar/innspel ikkje blir svart, men følgjar saka til politisk handsaming. Det kan gå noko tid frå det er varsla oppstart til planforslaget er klart for politisk handsaming i utvalg for lokal utvikling (ULK). Det vil igjen ver ein moglegheit til å gje innspel til planforslaget under høyring og offentleg ettersyn, etter fyrste gongs handsaminga. Videre avgjerd etter offentleg ettersyn vil skje i ULK og Kommunestyret.  Det kan og gå noko tid frå høyringsfristen er ute til neste politisk handsaming av saka og endeleg vedtak.  Vedtaket kan påklagast. 

0562.00 PLANINITIATIV (PDF, 2 MB)

0562.00 Forslag til plangrense A4 (PDF, 232 kB)

Møtereferat oppstartsmøte Plan 0562 Skiferbakken - 051124 (PDF, 2 MB)

0562.00 Varselbrev (PDF, 97 kB)