Time kommunestyre har i møte den 17.09.2025, KS-055/25, vedteke følgjande reguleringsplan: Plan 0542.00 - Detaljregulering for fv 44 sør for fv 4444. Det vart gjort følgjande vedtak:
Time kommunestyre godkjenner forslag til Plan 0542 - Detaljregulering for fv 44 sør for fv 4444, med føresegner, datert 20.05.2025. Vedtaket er gjort i medhald av § 12- 12 i plan- og bygningslova (pbl.)
Føremålet med planen
Planen inngår som ein del av Rogaland Fylkeskommunes prosjekt med utbetring av fv. 44. I prosjektet inngår fem planar i tre kommunar. Plan 0542.00 inngår i Time kommune. Hovudføremålet med prosjektet er å legge til rette for trafikktryggleikstiltak langs to strekningar på fv. 44, auke vegbreidda på strekninga for å legge til rette for profilert og forsterka midtoppmerking, ny bru over Håelva (Njærheim bru) og utbetring av 5 kryss og busslommer.
Plandokument
Plankart, føresegner og andre plandokument er tilgjengeleg via denne lenka. Du kan og få vedtekne plandokument ved å henvenda deg til innbyggjarservice i Time rådhus
Klagerett
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.
Eventuell klage skal oversendast Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mogeleg å senda eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt innen 31.10.2025.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.