Melding om godkjent plan: Godkjenning av kommunedelplan for Sørlandsbanen Stavanger-Egersund – strekning i Time kommune
Time kommunestyre har i møte den 17.09.2025, KS-054/25, vedtatt Time kommune sin del av «Kommunedelplan for Sørlandsbanen Egersund -Stavanger, strekning Sandnes-Nærbø» med plan-ID 1121.08.
Føremålet med planen
Planen legg til rette for eit transportsystem som er sikkert, fremmer verdiskaping og bidrar til omstilling til lågutsleppssamfunnet i regionen. Planen bidrar til å betre framkome for personar med eit påliteleg og tilgjengeleg transportsystem og effektiv og miljøvennleg godstransport.
Plandokument
Plankart, føresegner og andre plandokument er tilgjengeleg via denne lenka Du kan og få vedtekne plandokument ved å venda deg til innbyggjarservice i Time rådhus.
Sist endra 24.09.2025 15.59