Kommunal påskjønning - Kulturprestasjonar 2022

Til lag og foreningar som har utøvarar som er blitt norgesmeistrar m.v. i 2022.

Kommunal påskjønning vert gjeve til enkeltpersonar eller lag som har vunne offisielle Norgesmeisterskap, eller teke medalje i Nordisk, EM, VM eller OL. 

Påskjønninga gjeld junior (året ein fyller 16), senior og veteran. 

Me ber om at melding om namn, adresse og opplysning om prestasjon vert sendt til Time kommune via elektronisk skjema eller på e-post post@time.kommune.no innan 9. desember 2022.