Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 21.11.24 å leggja forslaget til reguleringsplan
Plan 0526 Detaljregulering for omsorgsbustadar ut på høyring og offentleg ettersyn på et vilkår.
-Før saken tas opp til 2. gangsbehandling må oppdatert VA-rammeplan foreligge og planforslaget oppdateres i henhold til krav som følger denne.
Vedtaket er gjort i medhold av §12-10 og 12-11 i plan og bygningsloven.
Føremålet med planen er å leggja til rette for fem små bustader med personalbase. Desse bustadane er ein del av kommunens bustadsosiale handlingsplan med mål om at alle skal bu trygt og godt i eigen bustad. Bustadane tilbys bebuare på ordinære leievilkår. Det vart ikkje lagt opp til at born skal bu her.
Hovedtemane i saka har vært val av type og størrelse på bustadformålet og kor avkjørsel/tilkomst skal liggja. Tilpassing til nabobustad og vidare landbruksdrift på tilliggandes areal, og særskilte utfodringar knytta til bustadformålet er særskilt vurdert i saka.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "plandokumenter". For å gje uttale til planen ved hjelp av sikker digital innsending via Time kommunes nettside, trykk på lenka merka "Gje uttale".
Plandokumenter
Gje uttale
De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.
Frist for å senda inn merknad til planen er 14 mars 2025