Føremålet med planen er å regulera Storgata til gågate, i tråd med sentrumsplanen og gatebruksplanen. Med dette ynskjer kommunen å legge til rette for aktivitet og opphald i Storgata, og at Storgata skal framstår som ei attraktiv bygate.

Lokalisering av Storgata med sidegater i Bryne sentrum.
Storgata ligg i Bryne sentrum og er byens viktigaste handlegate. Gata ligg sentralt plassert i forhald til tog og buss, og dannar hovudsambandet mellom Bryne stasjon og kjøpesenteret M44. Det er eit mangfald av publikumsretta verksemder i og nær gata.
Storgata har ei lengde på om lag 350 meter, og gatebreidda varierer med om lag 9,5 til 12 meter målt mellom fasadane. Gata går gjennom Bryne torg.
Vidare inkluderer planområde sidegatene Saronsbrotet, Erlandsbakken og Øgårdsbakken fram til der dei kryssar Meierigata. Smieparken med køyreveg til Lauritz Bellesens gate er også inkludert.
Planområdet er på totalt 10 dekar. Planområdet omfatter i all hovudsak kommunalt eigde gate-, torg- og parkareal. Bygg som grenser til gateareala er ikkje ein del av planen.

Utklipp frå føreslått plankart.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "Plandokumenter". For å gje uttale til planen, trykk på lenka merka "Gje uttale".
Plandokumenter
Gje uttale
De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.
Det vert avhalde opent folkemøte om planforslaget i Kommunestyresalen på Time rådhus 03.06.2026 kl. 16:30.
Frist for å senda inn merknad til planen er 19.06.2026.