Høyring og offentleg ettersyn av planprogram for oppheving av "Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør"


Etter plan- og bygningslova §9-3 og §11-14 legg Time kommune med dette planforslag for oppheving av Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør ut til offentleg ettersyn.


For oppheving av ein kommuneplan gjeld dei same føresegnene om medverknad og prosess som for utarbeiding av ein ny plan, jf pbl § 11-17. Dette inneber at oppstart av planarbeidet skal varslast, og at det skal utarbeidast eit planprogram og eit planforslag.

I medhald av §9-3 og §11-14 i plan- og bygningslova har formannskapet i Time kommune i møte den 26.11.2025 vedtatt å legga forslag til planforslag ut til offentleg ettersyn. Klepp kommune og Sandnes kommune annonserer sine vedtak gjennom deira kanalar. 

Dei respektive kommunane har revidert sine kommuneplanar etter at Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør vart vedtatt. Også Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, som låg til grunn for arbeidet med den interkommunale planen, har vorte revidert og er seinast erstatta av Regionalplan for Jæren og Søre-Ryfylke. Regionalplanen har ein annan utviklingsstrategi enn den som var gjeldande då «Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør» vart vedtatt. Det er difor vurdert at den interkommunale planen er utdatert og bør opphevast. 


Kontaktperson for Time kommune:
Yvonne van Bentum, yvonne.van.bentum@time.kommune.no, tlf 46848405.

 

Vedtak om oppheving (PDF, 244 kB)

Plan for oppheving (PDF, 2 MB)

 

Uttalen til planprogrammet kan sendast via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.

Merknader vert ikkje svara med eige brev, men vert refererte til og kommenterte i samband med politisk eller administrativ handsaming.

Frist for å senda inn merknad er 08.02.2026