Svendsenhuset inviterer til å vera med på markeringa av Verdsdagen for overdose den 29. august kl 18-20 på Svendsenhuset. Dette er ein dag via til å minnast dei som har mista livet på grunn av rus, og ei samling for pårørande.
Å leva som pårørande til eit menneske som ruser seg kan vera ei utfordrande og smertefull reise. Det er ein kamp prega av håp og frykt, kjærleik og fortviling. På denne dagen ønskjer me å samlast for å støtta kvarandre, dela erfaringar og tilby ei skulder å lena seg på. Ingen skal vera åleine i si sorg eller sitt håp.
Me ønskjer å gje rom for å minnast, men òg for å informera og hjelpa. Ved å dela informasjon om tilgjengelege hjelpetiltak, håper me å kunne letta børa for både rusavhengige og deira pårørande. I lag kan me skapa eit støttande fellesskap der ingen føler seg åleine.
Velkommen til ein kveld med omsorg, støtte og fellesskap. La oss stå saman og visa at ingen skal gå denne vegen åleine.
Dette arrangementet er ope for alle som ønskjer å delta, anten dei er pårørande, ven, fagperson, eller berre ønskjer å vise støtte. Ditt nærvær er viktig!