ⓘ Aktuell informasjon

Utbrot av fugleinfluensa i Klepp

Det er påvist fugleinfluensa i eit kommersielt fjørfehald i Klepp kommune. Mattilsynet har derfor innført fleire tiltak for å hindra vidare smittespreiing.

Kart som viser infisert sone for fugleinfluensa i Rogaland. Sona omfattar Time, Klepp, Hå, Sola, Randaberg og Stavanger kommunar, og Sandnes kommune med unntak av tidlegare Forsand. - Klikk for stort bilete Mattilsynet

Time kommune er omfatta av den infiserte sona som er oppretta i delar av Rogaland. I denne sona er det mellom anna innført portforbod for fjørfe. Det betyr at fjørfe skal haldast innandørs eller under tak, slik at kontakten med ville fuglar vert redusert. Det er òg innført forbod mot jakt og fangst av ville fuglar, med enkelte unntak.

Risikoen for smitte til menneske er vurdert som svært låg. Innbyggarar og dei som held fuglar, bør halda seg oppdaterte på kva råd og restriksjonar som gjeld på Mattilsynet sine nettsider:

Informasjon om Fugleinfluensa

Ville fuglar

Finn du sjuke eller daude ville fuglar og mistenker at det kan vera fugleinfluensa? Då kan du melda frå til Mattilsynet:

Mistanke om fugleinfluensa? Meld fra om syke eller døde villfugler og ville dyr her