Tilsyn med radon i utleigebustadar

Leiger du ut bustad? I haust vert det gjennomført tilsyn med radon i utleigebustadar i Time kommune.

Mann hentar opp radonmålar frå koffert - Klikk for stort bilete

Tilsynskampanjen er i regi av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA), og vert utført av miljøretta helsevern på vegne av Time kommune.

Utleigarar må måla radon

Alle som leiger ut bustad skal kunna dokumentera at radonnivåa i bustaden er under grenseverdiane. Dersom nivåa er for høge har utleigar ansvar for å setja inn tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernforskrifta og gjeld alle typar utleigebustadar – både offentlege og private.

Du finn meir informasjon om regelverket her: 

Radon i utleigebustadar - DSA

Korleis blir tilsynet gjennomført?

Det blir ført tilsyn med om utleigar har målt radon, om målinga er gjort etter rett prosedyre, og om nødvendige tiltak er gjennomførte ved høge verdiar. I tillegg blir det kontrollert om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden.

Har du enno ikkje målt radon i bustaden du leiger ut?

Då har du høve til å gjera det no i vinter. For at ei radonmåling skal bli godkjend, må ho gjennomførast etter DSAs måleprosedyre. Målinga skal vara i minst to månader i målesesongen, som går frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har også krav på dokumentasjon av radonnivåa.

Les meir om korleis du måler radon her:

Slik måler du radon - DSA

Kvifor er det viktig å måla radon?

Å pusta inn luft med radon aukar risikoen for lungekreft. Risikoen aukar med både radonnivå og eksponeringstid. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking, og bidreg årleg til rundt 400 tilfelle i Noreg.

Kva er grenseverdiane for radon?

Jo lågare radonnivå, jo lågare risiko. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m³, og den øvre grenseverdien er 200 Bq/m³. Dersom du måler nivå over tiltaksgrensa – til dømes 150, 400 eller 2000 Bq/m³ – må du gjennomføra tiltak mot radon. Desse tiltaka må dokumenterast.

Du kan lesa meir om radon her:

Radon - DSA