Tilskot til inkludering av barn og unge (Bufdir)

Gjennom støtteordninga Tilskot til inkludering av barn og unge kan lag, organisasjonar og andre aktørar i Time kommune søka støtte til prosjekt som fører til at fleire barn og unge vert inkluderte i fritidsaktivitetar.

Barn som målar haustblad på lerret - Klikk for stort bilete

Målet med tilskotsordninga er å legga til rette for at alle barn og unge skal få oppleva meistring og delta i samfunnet.

Kven kan søka?

  • Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søka om tilskot frå denne ordninga.
  • Enkeltpersonforetak eller privatpersonar kan ikkje søka.

Ordninga vert administrert av Bufdir og årets søknadsfrist er fredag 31. oktober.

Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) gjer merksam på at nye søknadar frå aktørar med pågåande prosjekt ikkje vert prioriterte i 2026.

Få hjelp til søknaden din

Stian Langeland (stian.langeland@time.kommune.no / 51776164) er kontaktpunktet i kommunen for andre aktørar som jobbar med inkludering av barn i målgruppa. Har du spørsmål om tilskotsordninga, behov for å diskutera eit prosjekt eller treng hjelp til ein eventuell søknad er det berre å ta kontakt.

Meir informasjon finn du på nettsida til tilskotsordninga