Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn

Time kommune måler ikkje isen på vatna. Det er dermed kvar enkelt sitt ansvar å sikra både tryggleiken på isen og smittevernet når det er mykje folk samla.

Alle som beveger ut på islagde vatn gjer det på eige ansvar. Me oppfordrar kvar enkelt til å vera forsiktig ved ferdsel på islagde vatn og sjølv sjekka at isen er trygg før ein går ut på isen.

Trygg ferdsel på islagde vatn krev kunnskap

Is er eit naturfenomen og du må derfor ha litt kunnskap når du ferdast på islagde vatn, akkurat som det krev kunnskap om du tek ut på ski i fjellet. Det er blant anna viktig å vita at det vil variera kor tjukk og sterk isen er på eitt og same vatn sjølv om kuldeperioden går over lang tid.

Når ein ferdast på islagde vatn må ein alltid forhalda seg til at det kan vera svake punkt på isen som:

  • område nær elveutløp og elveinnløp (osar og bekkar)
  • ved oddar, nes og brygger
  • langs myrar og siv
  • tronge sund og ved grunner

 

Meir informasjon