
Har du lyst til å organisera litt trening i ein idrettshall eller gymsal? Det kan kommunen hjelpa deg med. Foreiningar og lag kan søka om å leiga her:
- Brynehallen
- Timehallen
- Lyehallen
- Kvernhallen
- Vardheihallen
- Bryne storhall
- Symjehallen v/ Bryne ungdomsskule
- Sivdambassenget (opnar i løpet av våren)
- Gymsalen ved Rosseland skule
- Gymsalen ved Bryne skule
- Gymsalen ved Bryne ungdomsskule
- Gymsalen på Vestly
Søknadsfristen er 1. mars, og du kan søka via skjemaet under:
Skjema - Søknad om treningstid i gymsal/idrettshall
Driftstilskot og støtte til instruktøropplæring (1. mars)
Same dato er det òg søknadsfrist for ei anna ordning, nemlig ordninga med driftstilskot til barne- og ungdomslag og idrettslag. Skjema finn du under:
Skjema - Søknad om driftstilskot til lag og organisasjonar
Skjema - Søknad om driftstilskot til idrettslag
Idrettslag som ønsker støtte for instruktøropplæring må forhalda seg til same frist – 1. mars – og kan bruka skjemaet under her:
Skjema - Søknad om tilskot til instruktøropplæring innan idrettslag
Tilskot til ferietur for personar med funksjonshemming (1. mai)
Time kommune ønsker at personar med funksjonshemming skal kunna realisera eigne ønskjer om turar/ferieturar gjennom varierte støtteordningar. 1. mai går fristen ut for å søka om eit eingongsbeløp til dekking av følge på tur i eigen regi. Skjemaet finn du under:
Skjema - Søknad om tilskot til ferietur
Andre tilskotsordningar for lag og organisasjoner (fortløpande)
Tilskot til opne kulturarrangement/underskotsgaranti kan løyvast til lag og organisasjonar og andre samanslutningar/ ad-hoc-grupper. Ingen søknadsfrist, kan søkast om heile året. Skjemaet finn du under:
Søknad om tilskot til opne kulturarrangement
I tillegg har Time kommune følgande tilskotsordningar som ikkje har digitale skjema. Felles for alle tre er at heller ikkje dei har søknadsfrist og kan søkast om heile året:
- Oppstartstilskot
- Tilskot til alkoholfrie helgetiltak
- Tilskot til leiarkurs
Vil du søka på ei av desse ordningane kan du ta kontakt med fritidssjef Stian Langeland, telefon 908 23 450 eller epost stian.thomas.langeland@time.kommune.no.