Linn Iren Nilsen Oppedal
Dagens søkeportal for føresette stenger i dag, 15. desember 2025, og den nye søkeportalen opnar 1. januar 2026.
Dette betyr at alle nye søkarar, og alle som per i dag står på venteliste i det gamle systemet (Mykid) må søka (på ny) via det nye systemet (Visma Flyt barnehage) i januar, eller seinast innan 1. mars, som er fristen for å vera med i hovudopptaket for 2026.
Merk at søknadsdatoen ikkje har noko å seia for kor ein hamnar på trekningslista eller ventelista i Time kommune. Derfor har det ingen påverknad på tildelinga om ein har stått på venteliste og nå må søka på ny.
Ny søknadsportal finn du på nettsidene våre, via følgande lenke, frå 1. januar 2026:
Barnehage: Søka plass, endra plass, svara på tilbod