Nye lærlingar for året

Ti nye lærlingar er nå på plass i Time kommune, og hadde si fyrste samling denne veka. Der vanka det høgtideleg velkomst frå kommunedirektøren.

Lærlingene i Time kommune for 2025-26 fotograferte ved Sivdammen på Bryne, saman med dei ansvarlege leiarane - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal

 

Den strålande buketten over skal ha lærlingetida si i Time kommune det neste året, i faga barn og ungdom, helse og IKT. På den fyrste samlinga ga kommunedirektøren og fagansvarlege i dei tre faga informasjon om kommunen og ønska alle velkomne.

På biletet ser du Siri Kverneland, rådgjevar Oppvekst, Amund Junge, leiar Samfunnskontakt og digital utvikling, Gry Kirsti HØyland Sirevåg, førstekonsulent Heimetenestene og kommunedirektør Trygve Apeland, i tillegg til ni av ti lærlingar (ei er ikkje til stades på biletet).