 Elin Nærland
        Elin Nærland
    I Time kommune har me eit klart mål: At 9 av 10 ungdommar skal fullføra vidaregåande opplæring innan 5–6 år etter at dei har gått ut frå ungdomsskulen. I 2025 nådde me målet for første gong– 91,3 % av våre ungdommar har fullført. Til samanlikning er snittet i Rogaland på 84,9 %. Dette er ein milepæl me er stolte av!
– Bak dette resultatet står eit heilt lag med våre tilsette i barnehagar, skular, støtteapparat og samarbeid med vidaregåande skule. Alle har stått på og samarbeidd på tvers av tenester for å legga til rette for trygge inkluderande fellesskap. Dette har lagt grunnlaget for meistring, trivsel og livslang læring. Saman har dette gjort ein forskjell – kvar dag, seier kommunalsjef Oppvekst, Pamela Sudmann, og fortset:
– Barn og unge i Time skal få utvikla seg ut frå sine eigne føresetnadar. Dei skal kjenna seg inkludert, få utfalda seg og oppleva at dei høyrer til. Me skal gi dei ein god barndom her og no – og rusta dei for framtida.