Martin Tengesdal Torstenbø vert ny plan- og forvaltningssjef i Time kommune

portrett av Martin Tengesdal Torstenbø - Klikk for stort bileteMartin Tengesdal Torstenbø privat

35-åringen overtek stillinga etter Nedzad Suljanovic som skal gå av med pensjon.  

Tengesdal Torstenbø er busett i Sandnes, har ein mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitetet i Bergen og har jobba i byplanavdelinga i Sandnes i over ni år, mellom anna som konstituert byplansjef.  

Han ser fram til å ta fatt på ny stilling i Time kommune. 

– Fyrst og fremst høyrest det ut som ein utruleg spanande jobb. Til nå har eg best kjennskap til Bryne, som eg tykkjer har svært attraktive kvalitetar og som eg vil vera med og vidareutvikla i åra framover. Eg har også høyrt mykje positivt om Time som ein velfungerande kommune som eg ser fram til å verta betre kjend med, seier han. 

Mykje ansvar

Som plan- og forvaltningssjef vert Tengesdal Torstenbø administrativ leiar for verksemdområdet som består av avdelingane plan, byggesak, geodata og landbruk.  

Verksemdområdet har 20 årsverk. Plan- og forvaltningssjefen vil få ansvaret med å sørge for god og effektiv drift av det samla verksemdsområdet innanfor kommunale planer, budsjett og gjeldande lov- og regelverk. 

Kommunalsjef Samfunn, Anne-Kristin Gangenes, gler seg til å få Tengesdal Torstenbø med på laget. Han startar i jobben i månadsskiftet februar/mars. 

– Eg ser fram til å ønske han velkommen til Time kommune og til oss i Samfunn, seier ho.