Time rådhus
Linn Iren Oppedal
Kommunen sine rekneskapstal for 2023 er klare. Dei syner at kommunen ligg an til eit netto driftsresultat på 26,4 millionar kroner, tilsvarande 1,4 % av driftsinntektene. Til samanlikning hadde kommunen i 2022 og 2021 høvesvis 74,5 og 108,5 millionar kroner i driftsresultat.
- Det blir ikkje heilt rett å samanlikne resultatet for 2023 med dei to føregåande åra. Då hadde me ekstraordinære inntekter og sette av pengar i disposisjonsfond. Det er me glade for nå, med eit resultat som speglar den økonomiske situasjonen me er i. Viss me korrigerer resultatet for pensjonsforpliktingar og ekstraordinært utbytte frå Lyse er resultatet nær 0, seier økonomisjef Sami Munawar.
Auka renter, auka behov og aktivitet i tenesteområda er årsaker til at resultatet er svakare i 2023. Tenesteområda går med eit meirforbruk på til saman 52 millionar kroner. Oppvekst og Helse og velferd har brukt høvesvis 15 og 30 millionar kroner meir enn budsjettert, noko som skuldast mellom anna spesialundervisning i skulane, barneverntiltak utanfor heimen, og auka utgifter innan helsetenester i heimetenesta, institusjon og miljøtenesta. Kommunen investerte for i overkant av 310 millionar kroner, kor bygging av Bryne Storhall var det største prosjektet i 2023.
- Det er ingen tvil om at me har ein krevjande situasjon i tenesteområda. Befolkninga i kommunen blir eldre, fleire oppgåver knytt til helsetilbodet har hamna på kommunale hender, og busetjing av flyktningar fortset. Våre medarbeidarar har gjort en fantastisk innsats under desse omstenda, seier kommunedirektør Trygve Apeland.
I tillegg er det framleis stor uvisse rundt rentenivået og høg kostnadsvekst.
- For å møte desse utfordringane på best mogleg vis vil det vere nødvendig med eit systematisk arbeid og oppfølging for å halda budsjettrammene i 2024. Dette er spesielt viktig for at me skal kunne realisera planlagde investeringar dei neste fire åra, samtidig som me skal tilby gode tenester til innbyggarane i Time kommune, seier kommunedirektøren.
Årsrapporten og rekneskapen for 2023 skal behandlast i kommunestyremøtet 7. mai.