Informasjon i samband med dødsfallet til Hans Majestet Kong Harald V

Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

Hans Majestet Kong Harald V - Klikk for stort bilete Slottet

Time kommune sender varme kondolansar til kongefamilien. Kong Harald var ein samlande konge, og me kjem til å sakna han.

I samband med dødsfallet vil det ligga framme ein kondolanseprotokoll på Time rådhus frå klokka 10 i dag, fredag 28. august. Me inviterer innbyggarane til å skriva namnet sitt i den. Hovudinngangen på rådhuset vil vera open heilt til klokka 21 i kveld.

Bryne kyrkje har óg kondolanseprotokoll og er open frå klokka 10 til klokka 21 i dag, og kyrkjeklokkene vil ringa mellom klokka 12 og 13. Kyrkja vil dessutan vera open i mellom klokka 12 og 18 laurdag og sundag, når rådhuset er stengd. Sundag kveld vert det sørgegudsteneste klokka 18.00.

Skulane i kommunen er opne som vanleg i dag. Alle offisielle flaggstenger vil flagga på halv stong i dag og kvar dag fram til dagen for gravferda.

Dersom nokon ønsker å legga ned blomar til minne om kongen, kan dei gjera det ved flaggstonga på rådhuset.

Me lyser fred over kong Haralds minne.

Ordførar Andreas Vollsund signerer kondolanseprotokollen i Time rådhus i samband med dødsfallet til Hans Majestet Kong Harald V. - Klikk for stort bilete Are M. Heiseldal