Har du time på SUS etter 16. november?
16. november flytter ei rekke funksjonar frå gamle SUS på Våland til det nye sjukehuskomplekset på Ullandhaug. Det får konsekvensar for deg som har time på sjukehuset.

Det er nemleg ikkje sånn at alle som har time på sjukehuset etter 16. november skal til Ullandhaug. Flyttinga foregår trinnvis, så framleis vil ein del pasientar vera på Våland.
Vert du innkalla skal det stå i innkallinga di kor du skal reisa. Men vil du setta deg litt betre inn i kva sjukehusflyttinga inneber, har SUS laga ei informasjonsside med nyttig informasjon til deg som skal på sjukehus etter flyttinga. Her finn du den:
Informasjon frå SUS
Sist endra 10.11.2025 10.34