Frå venstre: Styreleiar Helge Grøsfjell, hotellsjef Else Strøm Larsen, kjøkkensjef Kristine Vaule og dagleg leiar Mette Vigre ved Hotell Jæren saman med ordførar Andreas Vollsund etter utdelinga av Byutviklingsprisen 2025.
Are M. Heiseldal
Bryne fekk bystatus i 2001, og sidan 2003 har Time kommune i samarbeid med Bryne Næringsforening og Brynes Vel årleg delt ut ein eigen byutviklingspris. Prisen er ei «påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne».
Juryen har i år bestått av:
- Kenneth Lia, dagleg leiar i Bryne Næringsforening
- Olav Hetland, styreleiar i Brynes Vel
- Odd Ivar Nese, kommunikasjonssjef i Time kommune
Juryen si grunngjeving

"Eit bygg som har vore ein sentral møteplass i Bryne sidan opninga i 1977 stod ved eit vegskilje – var det kroken på døra etter over 40 år? I staden valde lokale eigarar å satsa, med totalrenovering, nytt tilbygg og ein tydeleg ambisjon om å skapa liv i sentrum. Satsinga har skapt meir aktivitet i byen og gode møteplassar for både innbyggarar og næringsliv.
Verksemda har vist evne til å tenka langsiktig, sjølv då landet stengde ned under koronapandemien rett etter at renoveringa var ferdig i 2020. Med engasjerte leiarar og dyktige tilsette har dei reist seg, vidareutvikla konseptet og levert eit uttrykk prega av både stil og kvalitet. Etter at også tilbygget stod ferdig i 2023, har dei ytterlegare auka kapasiteten til å ta imot gjestar frå fjern og nær.
Gjennom godt samarbeid med lokalt næringsliv og ei sterk lokal forankring betyr dei mykje for utviklinga av byen vår.
Byutviklingsprisen 2025 går til Hotell Jæren."
Dei utsende frå Hotell Jæren høyrer på idet Andreas Vollsund les opp grunngjevinga for utdelinga av prisen.
Are M. Heiseldal
Tidlegare vinnarar:
2024 – Smieparken AS
2023 – Kulturbanken
2022 – Harald Gudmestad
2021 – Magnus Rommetveit
2020 – Ikkje delt ut
2019 – Brix
2018 – Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
2017 – Mellombels Ølstove
2016 – Brynes Vel
2015 – Arnfinn Vigrestad
2014 – Bryne kro og hotell
2013 – Ikkje delt ut
2012 – Kjøkkenet
2011 – Torjå AS ved Hans Ree
2010 – Ståle G. Haaland
2009 – Lauritz Bellesen
2008 – Alf I. Haaland
2007 – Jærdagen
2006 – Ikkje delt ut
2005 – Forum Jæren
2004 – Gunn A. Nedrebø
2003 – Reier Carlsen