Kommunen sine rekneskapstal for 2024 er klare. Dei syner at kommunen ligg an til eit netto driftsresultat på 2,2 millionar kroner, tilsvarande 0,1 % av driftsinntektene. Men budsjettet tok utgangspunkt i eit overskot på 29 millionar kroner, så resultatet er svakare enn planlagd.
Tenesteområda i kommunen hadde totalt sett eit meirforbruk på 26,2 millionar kroner i 2024. Hovudgrunnen til meirforbruket er at det er fleire personar som treng helse- og omsorgstenester.
– Dette er ei utfordring dei aller, aller fleste kommunane i Noreg har. Og det er store tal, men berekningane me gjorde i fjor viste at me var på veg mot eit meirforbruk på om lag 50 millionar kroner, så me ser heilt klart effekten av tiltaka me har sett i verk. Dette hadde ikkje vert mogleg utan den innsatsen dei tilsette har lagt ned i omstillingsarbeidet. Til dømes har skulane gått frå eit meirforbruk til balanse, og me ser ei kraftig oppbremsing av meirforbruk innanfor tenestene i Helse og velferd. seier kommunedirektør Trygve Apeland.
Kommunestyret ga klarsignal til omstillingsarbeidet i sommar, og gjennom tertialrapportane i 2024 er det gjort greie for den økonomiske utviklinga i løpet av året. Som nemnt viser rekneskapstala at omstillingsarbeidet gir effekt og at meirforbruket, særleg i dei største tenesteområda, er redusert samanlikna med 2023.
– Men det er framleis behov for å redusera kostnadar, og dette arbeidet blir vidareført i tråd med handlings- og økonomiplanen for 2025-2028. På grunn av det låge driftsresultatet på 0,1 % i 2024 må me nytta om lag 21 millionar kroner av kommunen sine oppsparte midlar for å oppfylla pensjonsforpliktelsene våre i 2025. Sidan me ikkje har nokon stor buffer er det viktig at me held fram med det gode arbeidet som nå er starta, seier økonomisjef Sami Munawar.
Vedtatt handlings- og økonomiplan for 2025-2028 tek sikte på å skapa nødvendig handlingsrom innanfor eksisterande rammer.
– Dette er avgjerande for å kunna setta eit rett nivå på tenestetilbodet i kommunen og finansiera nødvendige investeringar framover. Kommune-Norge generelt hadde ei betydeleg nedgang i inntektene i fjor, og kommuneøkonomien vert fort påverka av både renteutvikling og fortsett uro og usikkerheit fleire stader i verda. Dette må me ta høgde for framover, seier kommunedirektøren.
Årsrapport 2024 blir publisert 28. mars, og skal behandlast i kommunestyremøtet 7. mai.