07.00 Musikk i gatene v/ Bryne musikkorps
08.00 Flaggheising v/ Bryne speidergruppe
08.00 Kransenedlegging og tale ved krigsminnesmerket (hesten). Kongesangen - to vers. Tale ved Jon Torger Salte. Bryne musikkorps spelar
08.30 Morgonsong – bøn for land og folk i Bryne kyrkje
09.30 Barnetoget
Oppmøte kl. 09.00 ved Bryne stadion.
Rute for toget: Bryne stadion, Røsslyngvegen, Hognestadvegen, Jernbanegata, Meierigata, Saronsbrotet til torget
På torget:
Allsong: Ja, vi elsker (før talen), Tenk at nå er dagen her (etter talen)
Forsongarar frå Time kulturskule.
Innslag av elevar på 7. trinn ved Rosseland skule. Ulrik Dale, Tilde Apeland, Mali Finnesand Nærland, Vilje Lindeland Eckhoff
Utdeling av pokal for beste innslag i barnetoget. Kriterium: Dei som syng mest og best!
Jury: Randi Tjelle, Ole Jørgen Alstadsæter og Endre Vollsund
10.45 Markering og nedlegging av krans ved Time kyrkje. Dei som ofra livet under andre verdskrigen vert minna
Frå 10.30 Program på skulane på Bryne
11.00 Nasjonal gudsteneste i Time kyrkje
14.30 Russetoget. Oppmøte kl. 14.00 ved Timehallen
Startar ved Timehallen. Toget går opp Hetlandsgata, forbi Bryne vgs. og ut på Arne Garborgs veg. Toget held fram ned mot Jærvegen og avsluttar på M44
16.00 Folketoget. Oppmøte kl. 15.30 ved Bryne storhall/Timehallen
MERK RUTA! Startar ved Timehallen, går via Hetlandsgata og Arne Garborgs veg (til høgre), snur i rundkøyringa ved SPAR, vidare ned Arne Garborgs veg, via Jernbanegata, Meierigata og Saronsbrotet til torget
På torget:
Skulekorps og musikkorps spelar
Allsong: Ja,vi elsker dette landet (før talen), Norge i rødt, kvitt og blått (etter talen)
Forsongarar frå Time kulturskule.
Hovudtaler: Åge Fjermestad
Utdeling av pokal til beste innslag i folketoget v/ Jon Torger H. Salte. Kriterium: Dei som lagar mest liv og stemning
Jury: Kåre Hognestad og Monica Penne Norheim
- - -
Program Bryne skule:
FAU ved Bryne Skule arrangerer, tradisjonen tru, 17. mai-feiring med leikar, sal av kaker, pølser, is og brus. Kl. 12.00 vert det fotballkamp mellom barn og foreldre på 7. trinn. Arrangementet startar direkte etter barnetoget og varer til kl. 13.00
Program Rosseland skule:
11.00-12.30 Sal av mat inne i aulaen og aktivitetar rundt om på skulen
12.00 Fotballkamp mellom 7. trinn og føresette
Program Jærtun Lutherske Friskule:
09.30 Barnetoget på Bryne
11:00 Open feiring på skulen. Tale for dagen v/ Magne Vatland. Sal av mat, aktivitetar og leikar